Fleire studentar skal inn i forskinga ved HVL

Ein ny insentivordning skal opne dørene til forskinga for fleire HVL-studentar. – Det var krevjande, men utruleg lærerikt, seier tidlegare vernepleiestudent Natalia Ludwig.

Då Natalia studerte vernepleie ved Høgskulen på Vestlandet fekk ho og tre av hennar medstudentar moglegheita til å ta del i eit forskingsprosjekt.

– Prosjektet handla om sorgopplevingar for personar med autismediagnose. Vår forelesar Kristine Berg Titlestad presenterte prosjektet og gav oss moglegheita til å vere med, fortel ho.

I prosjektet skulle studentane mellom anna utvikle forskingsspørsmål, lage intervjuguide, utforme prosjektplan, rekruttere deltakarar og gjennomføre fokusgruppeintervju. I tillegg arrangerte dei dialogkonferanse og hadde posterframvising.

– Noko av det beste var at vi studentane fekk stort eigarskap til prosjektet. Det var ei bratt læringskurve, men eg følte på stor meistringskjensle, fortel ho.

Frå kartlegging til insentiv

Dei siste åra har det blitt større merksemd på kor viktig det er å involvere studentar i forsking. På oppdrag frå HVL-leiinga har arbeidsgruppa StudentFORSK gjennomført ei kartlegging av korleis studentar  i større grad kan bli ein integrert del av forskinga.

– Gjennom spørjeundersøkingar og intervju har vi funne tydelege barrierar, men òg eit stort potensial, seier Ann-Katrin Grotle, leiar for arbeidsgruppa.

Rapporten peikar mellom anna på at studentane er motiverte for å delta i forsking, men at dei saknar betre informasjon om moglegheiter og konkrete insentiv som økonomisk støtte, studiepoeng eller annan formell verdi for CV-en.

Studentar kan søke om midlar

I undersøkinga kom det fram at både studentar og tilsette meiner lågterskeltilbod kan gi stor gevinst. Dette har HVL no tatt tak i.

– For å møte behova som kjem fram i undersøkinga, etablerer HVL ei ny insentivordning som skal gjere det enklare for studentar å bli del av pågåande forskingsarbeid, fortel prorektor for forsking, Christine Øye.

Det betyr at bachelor- og masterstudentar kan søke om midlar i samarbeid med sin rettleiar. Ordninga skal gi støtte til driftskostnader i prosjekt, til praktisk gjennomføring av forskingsaktivitetar, og til deltaking på konferansar — både nasjonalt og internasjonalt.

Lenke til utlysinga: Såkornsmidlar - StudentFORSK. Frist for å søke er 20. mars 2026.


UTDANNING + FORSKING = SANT. Prodekan for utdanning, Anne-Grethe Naustdal og prodekan for forsking, Christine Øye, samarbeider tett for at fleire HVL-studentar skal bli involvert i forskingsaktivitet av ulikt slag. 

Om å så eit frø

I tillegg til dei økonomiske insentiva er HVL også opptatt av å fremje ein institusjonskultur der studentar, allereie frå tidleg i studieløpet, ser seg sjølve som aktive deltakarar i kunnskapsutviklinga. Eit slikt perspektiv får stor støtte frå fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Studenttinget på Vestlandet, Hallgeir Mandelid Østensen.

– Vitskapleg tilsette har store moglegheiter til å så eit frø heilt frå starten om at studentar har ein viktig plass i forskinga, seier han.

Kristine Berg Titlestad er einig. Ho meiner at det i dag finst fleire moglegheiter i mange studieplanar, mellom anna ved at ein kan starte med bacheloroppgåva tidlegare.

– I tillegg trur eg det er viktig at vi tilsette deler kompetanse med kvarandre. Har ein sjølv involvert studentar i forskinga, kan ein ta med kollegaer i neste prosjekt slik at dei også lærer korleis ein gjennomfører dette i praksis, seier ho.

Døme på studentinvolvering i forsking ved HVL

Fysioterapi

Førsteamanuensis Unni Moen involverer fysioterapistudentar i fleire folkehelseprosjekt som ein del av eit emne om helsefremjande og førebyggande arbeid. Eit av prosjekta handla om førebygging av belastningsskader for utøvarar på Mathopen rullestolhandballlag.

Det kom mange positive resultat frå prosjektet. Spelarane på laget var nøgde, studentane brukte prosjektet som grunnlag i sine bacheloroppgåver, i tillegg melde også andre lag, mellom anna landslaget for rullestolhandball interesse for prosjektet.

Året etter blei prosjektet utvida til ernæringsråd for sittande utøvarar som også skapte interesse frå rehbailiteringssentre og helsesportsenter med landsdekkande funksjonar på grunn av si innovative vinkling. Her planlegg vi eit større forskningsprosjekt som har studentinvolvering som mål. 

Grunnskulelærar

Professor Rune Herheim har involvert sine grunnskulelærarstudentar i forsking på korleis ein kan legge til rette for matematikkfaglege diskusjonar i klasserommet.

Noko av det positive med å involvere studentane i forsking er at vi saman knyter tettare band med praksisfeltet. I tillegg kan resultata bidra til at vi får konkrete og dagsaktuelle døme som kan brukast i undervisninga ved HVL.

Bioingeniør

Professor Lise Bjørkhaug Gundersen har involvert sine bioingeniørstudentar i fleire diabetesprosjekt, samt i tverrfaglege forskningsprosjekt gjennom forskargruppa Idrett, helse og funksjon.

Erfaringane viser at involvering av bachelorstudentar i forskingsaktiviteten kan bidra til å ikkje berre auke utdanningskvaliteten, men også vere en stor ressurs i å auke vitskapeleg publisering av forskingsresultat.

Relevante lenker