Persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK)

Norse Impact er eit datadrive system som skal tilby effektive digitale behandlingtiltak til pasientar med psykiske helseutfordringar.

I PERSONFORSK forskar vi på innovasjon og persontilpassing av helsetenester for å oppnå best mogleg forståing, auka brukarmedverknad og effektive tenester. Vi tilnærmar oss helsetenesteforsking frå eit menneskesentrert, relasjonelt og datadrive perspektiv.

Bruk av helsetenester inneber at menneske møter helsepersonell for å få hjelp med helseproblem. Vellykka bruk av helsetenester fører til individuell helse og auka livskvalitet. God behandling avheng av at det enkelte menneske sitt helseproblem og helsekontekst er tilstrekkeleg forstått. Forståing oppstår når pasientar og fagpersonar trygt og effektivt kommuniserer om helse og behov i relasjonelle og teknologi-støtta prosessar.

PERSONFORSK er bygd på ein grunnleggande tese: Helsetenesteforsking bør bidra til å fjerne det kunstige skiljet mellom mental og fysisk helse, og engasjere heile personen gjennom si helsereise. Med 'heile personen' meiner vi å ta omsyn til  både til aspekta som bidrar til sjukdom eller helseproblem, og dei som bidrar til personen si  generelle helse og ressursar.

Kvar person som mottar helsetenester befinn seg innanfor ein dynamisk balanse av begge deler. Berekraftige helsetenester inviterer og involverer ressursar og bekymringar hos den enkelte pasient slik at pasienten kan delta og bidra i behandlingsprosessane.

PERSONFORSK har eit spesielt fokus på å utvikle og implementere prosjekt som studerer korleis relasjonen og samarbeidsprosessen mellom helsepersonell og pasient bidrar til persontilpassing, kvalitet, nytte og/eller effektivitet av behandlinga. I tillegg utviklar PERSONFORSK teknologiar og forskingsprosjekt for å innovere persontilpassa innsamling av helsedata frå pasienten for å rettleie beslutningar innan behandling og prosessar mot større presisjon.

PERSONFORSK er forplikta til å bruke avanserte og varierte metodar i forskinga vår. Vi integrerer ulike forskingsmetodar for å få djupare forståing, spesielt innan deltakande aksjonsforsking, i forplikta samarbeid med praksis. Vår metodikk involverer bruk av kvalitative djupdemetodar, enten uavhengig eller i kombinasjon med avanserte kvantitative metodar, for å sikre pålitelege datafortolkningar for kvar enkelt pasient.

Medlemmer av forskingsgruppa underviser og rettleier i Ph.d.-programmet helse, funksjon og deltaking, master i samhandling og folkehelse, master i klinisk fysioterapi og  masterprogram i sjukepleie.

Relevante lenker

Les meir om forskargruppa Persontilpassa helsetenester på Helseforsking Sogn og Fjordane

Oversikt over forskargruppa sine aktivitetar og resultat (Nasjonalt vitenarkiv) 

Følg Personforsk på LinkedIn

Nettverk

REACH: Forskingsnettverk for psykisk helse, inkluderande deltaking og engasjement

Hovudmålet med nettverket er å bygge eit slagkraftig nasjonalt nettverk som styrkjer koordinering, samhandling og internasjonal mobilisering innan forsking på psykisk helse, sosial deltaking og berekraftig folkehelse.

Nettverket skal styrkje forskingssamarbeid mellom komplementære miljø, fremje metodeutvikling og kompetansedeling, og byggje kapasitet for internasjonalt samarbeid og prosjektleiing. Finansiering: Norges Forskningsråd.  

Research network for mental health, inclusive participation and engagement (REACH) (Nasjonalt vitenarkiv)

INSPIRE: International Network for Psychotherapy Innovations and Research into Effectiveness.

INSPIRE fokuserer på utvikling, implementering og forsking på tilbakemeldingssystem i psykisk helsetenester.

Skandinavisk nettverk for fenomenologisk helsefagleg forsking

Gjennom grunnlagstenking og empirisk forsking utviklar nettverket kunnskap om korleis helse og sjukdom erfares og gis mening av pasientar og pårørende, samt om metodologiske problemstillingar i fenomenologisk orientert helsefagleg forsking.  

Skandinavisk netværk for fænomenologiske helsefaglige forskere

Nasjonalt nettverk for livskvalitetsforskning

Målet for nettverket er å arbeide for å styrke samarbeidet mellom livskvalitetsforskarar og utvikle denne forskinga vidare på tvers av fagmiljø og institusjonar nasjonalt.  

Nasjonalt nettverk for livskvalitetsforskning

Norsk forening for fedmeforskning

Foreininga har som mål å fremme forståinga av fedme og fedmerelaterte sjukdommar gjennom forsking, utdanning, tverrfagleg samarbeid og kunnskapsformidling. Nettverket arbeider for å forbetre helsa og livskvaliteten til personar som lever med fedme i Norge.  

Norsk forening for fedmeforskning

Forskargruppeleiar

bilde av Christian Moltu

Christian Moltu

Professor

Nestleiar

bilde av Eli Natvik

Eli Natvik

Professor

Forskingskoordinator

Anna Julie Kjøl Høyvik  

Medlemmer

Nasjonale og regionale partnere

Internasjonale partnere