Samfunnsfagkonferansen 2023: Samfunnsfaget i urolege tider 

Samfunnsfagkonferansen i år skjer i ei tid med krig i Europa, menneskerettar under auka press, auka polarisering, teknologiske omveltingar og ei overhengande klimakrise.

Konferansen organiserast i år av Høgskulen på Vestlandet, og vil bli arrangert på vår campus i Bergen. 

Samfunnsfaget si rolle i urolege tider 

Samfunnsfagkonferansen i år skjer i ei tid med krig i Europa, menneskerettar under auka press, auka polarisering, teknologiske omveltingar og ei overhengande klimakrise.

Kva er rolla til samfunnsfaget i slike urolege tider? Demokratiforståing, berekraftig utvikling og barn og unge sine behov for å meistre eigne liv og helse står som overordna berebjelkar i skule og barnehage. Faget turnerer i ei rekke spenningar, til dømes mellom sosialisering og systemkritikk; mellom kritisk tenking og framtidshåp, mellom fokus på individ- og systemnivå, mellom natur og samfunn, mellom fortid og samtid.  

Kva rolle skal lærar- og barnehagelærarutdanningane ha i utdanninga av framtidige lærarar til undervising med barn og unge midt i alle desse spenningane?

Vi inviterer til bidrag som adresserer dei mange spenningane i faget i lys av desse overordna tematikkane, teoretisk og empirisk.  

Sjå informasjon om program og innsending av bidrag under. 

 

Påmeldingsfrist 31.oktober

 

Påmelding til konferansen (påmeldingsfrist 31.10)

Program

Endringar i programmet kan forekomme.

Oversikt over parallelle sesjoner

Torsdag 30.11 

09:00-10:00: Registrering og kaffe 

10:00-10:15: Åpning/kulturelt innslag med Miss Wednesday

10:15-11:15: Keynote 1: Kjetil Børhaug

11:15-12:15: Lunsj 

12:15-14:15: Parallellsesjon 1 

14:15-14:30: Pause 

14:30-15:30: Årsmøte 

15:30-15:45: Pause 

15:45-17:45: Parallellsesjon 2 

17:45-19:00: Pause 

19:00: Konferansemiddag på Scandic Hotel Ørnen - forhåndspåmeldte

 

Fredag 01.12 

09:00:10:00: Keynote 2: Kari-Mette Walmann Hidle

10:00-10:15: Pause 

10:15-12:15: Parallellsesjon 3 

12:15-13:15: Lunsj 

13:15-15:15: Parallellsesjon 4 

15:15-15:30: Pause 

15:30-16:30: Paneldebatt og avslutning 

Ordstyrer: Erlend Eidsvik

Panel:

Kari-Mette Walmann Hidle, NLA

Kjetil Børhaug, UiB

Ingunn Vinnes Kvamme, UiA

Mari Jore, UiA

Parallellsesjoner og oversikt over innsendte bidrag

Stipendiatsamling 29.11

Me inviterer stipendiatar i lærar- og barnehagelærarutdanninga til å presentera utkast til artiklar, kapittel eller kappe. Me delegerer nærlesing til kvarandre og bruker seminaret til eit forum for framdrift og konstruktiv kritikk. Me ønskjer alle tematikkar velkommen.

Program:

11.30    Velkommen m lunsj i Kantinen i K1

12.45    Seminar

17.00    Seminar slutt

19.00    Middag for seminardeltakarar på eit høveleg sentrumsnært etablissement

Spørsmål om stipendiatseminaret? Send til erlend.eidsvik@hvl.no

Påmelding her

Innsending av bidrag

Samfunnsfaget si rolle i urolege tider 

Samfunnsfagkonferansen i år skjer i ei tid med krig i Europa, menneskerettar under auka press, auka polarisering, teknologiske omveltingar og ei overhengande klimakrise. 

Kva er rolla til samfunnsfaget i slike urolege tider? Demokratiforståing, berekraftig utvikling og barn og unge sine behov for å meistre eigne liv og helse står som overordna berebjelkar i skule og barnehage. Faget turnerer i ei rekke spenningar, til dømes mellom sosialisering og systemkritikk; mellom kritisk tenking og framtidshåp, mellom fokus på individ- og systemnivå, mellom natur og samfunn, mellom fortid og samtid.  

Kva rolle skal lærar- og barnehagelærarutdanningane ha i utdanninga av framtidige lærarar til undervising med barn og unge midt i alle desse spenningane? 

Vi inviterer til bidrag som adresserer dei mange spenningane i faget i lys av desse overordna tematikkane, teoretisk og empirisk.  

Frist for innsending av samandrag (max 300 ord) er 1.september 2023.

Samandrag kan sendes via Oxford Abstract

Viktige datoar

Frist for innsending av bidrag: 1.september 2023

Påmeldingsfrist for konferansen og tilbakebetaling av konferanseavgift: 31.oktober 2023

Frist for bestilling av hotellrom til avtalepris: 30.september 2023

 

 

 

Hotell og konferansemiddag

Me har gjort ein avtale med Scandic Ørnen der me held av rom til konferansedeltakarane 30.11-01.12. Det er også halde av nokon rom til stipendiatsamlinga fra 29.11. Avtalepris på rommane er 1490kr per rom per natt. Bestilling av rom til avtalepris må skje innan 30.09.23. Bookingkode: BHOE301123. Bestilling på Scandic sine sider eller ved å kontakta resepsjonen. 

Konferansemiddagen blir også halden på Hotel Ørnen torsdag 30.11.

Scandic Ørnen er sentralt plassert nær Bystasjonen i Bergen, i nærleiken av Grieghallen og kulturattraksjonar. Det ligg berre eit par minutts gonge frå bybanestoppet Nygård.

Campus Bergen

Fleire av husa på campus var tidlegare verkstadar for jernbanen. Eit av husa er no campusbiblioteket vårt, eit anna er kantine, og eit tredje blitt til studenthuset med Kronbar.

Klikk her for å sjå deg rundt på Campus Bergen

Slik kommer du deg til oss i Bergen

 

Keynotes

bilde av Kjetil Børhaug

Kjetil Børhaug

Samfunnsfagdidaktisk forsking -Lojal læreplaniverksetting eller læreplankritikk?

Kjetil Børhaug er statsvitar, og disputerte på ei avhandling om samfunnsfag og elevråd som demokratisk danning. Han har vore tilknytta lærarutdanningsinstitusjonar sidan 1994 og er no professor i samfunnsfagsdidaktikk ved Universitetet i Bergen. Han har forska på styring, leiing og organisering i barnehagesektoren og på ulike samfunnskunnskapsdidaktiske tema (demokrati, progresjon, vurdering, læremiddel, globalisering).

bilde av Kari-Mette Walmann Hidle

Kari-Mette Walmann Hidle

Å bygge i høyden? Ulike retningsvalg i samfunnsdidaktisk forskning

Kari-Mette Walmann Hidle er professor i samfunnsfag ved NLA og forskar på samfunnsfagdidaktiske spørsmål. Ho disputerte ved UiA i 2013, og har sidan undervist på alle nivå i barnehagelærer-, grunnskule- og lektorutdanningane. Hidles forskingsinteresser er knytt til tre hovudområde. (I) Påverknaden til styresmaktene på samfunnsfagdidaktisk forsking og praksis gjennom premissar lagt i læreplanverk og andre styringsdokument. (II) Fagspesifikk byrjaropplæring, overgangen barnehage-skule og progresjon i samfunnsfag. (III) Menneskerettar som undervisningstema og tilnærming til mangfald.

 

Trykk delta på arrangementet på Facebook

 

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med komiteen

bilde av Espen Helgesen

Espen Helgesen

Førsteamanuensis

bilde av Leif Tore Trædal

Leif Tore Trædal

Førsteamanuensis

bilde av Julie Ane Ødegaard Borge

Julie Ane Ødegaard Borge

Førsteamanuensis

bilde av Yvonne Bakken

Yvonne Bakken

Førstelektor

bilde av Arne Jacob Melting

Arne Jacob Melting

Høgskulelektor

bilde av Erlend Eidsvik

Erlend Eidsvik

Professor

bilde av Gunn Berge

Gunn Berge

Arrangementskoordinator