Øyvind Kormeset Mellingen disputerer

M005, Campus Bergen
Time icon
Når:27. november   09:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Med kunnskapsløftet LK20 blei berekraftig utvikling eit tverrfagleg tema i den norske skulen. Det har utløyst eit behov for å kritisk diskutere omgrepet. Sjølv om berekraftig utvikling er integrert i mange utdanningskontekstar verda over, har det også blitt kritisert for koplinga til vestleg modernitet. Med utgangspunkt i denne kritikken undersøkjer denne avhandlinga diskursar om berekraftig utvikling i tanzanianske og norske utdanningskontekstar, og vilkåra for kva som formar desse diskursane. Dette leier til spørsmål om kva desse diskursane opprettheld, med ein vidare diskusjon om potensielle dekoloniale alternativ. 

Personalia

Øyvind Kormeset Mellingen (f.1989) er utdanna lektor i samfunnsfagdidaktikk ved Høgskolen i Bergen. Han har jobba fleire år i vidaregåande skule. Ved Høgskulen på Vestlandet har Mellingen vært kandidat ved ph.d-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Prøveforelesning

Prøveforelesningen finn stad 27. november 2026 kl. 09.00 i M005, Campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet.

Tema:
Didactical implications of decolonial teaching in teacher education. Empirical cases and theoretical considerations.

Disputas

Disputasen finn stad 27. november 2026 kl. 10.30 i M005, Campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet.

Tittel på avhandlinga:
«Education for sustaining what? A study of sustainable development discourses in Tanzanian and Norwegian education».

Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte. Prøveforelesing og disputas vil gå føre seg på engelsk. 

Strøyming

https://hvl.zoom.us/j/61748476241?pwd=0oS8fowxrNCKDd5a5fCggiDMkG4JJd.1
Passcode:297776

Vurdeingskomité

Komitéleiar:
Professor Sissel Rosland, Høgskulen på Vestlandet 

Førsteopponent:
Professor Jørgen Klein, NTNU

Andreopponent:
Professor Louise Sund, Mälardalen University 

Rettleiarar

Professor Erlend Eidsvik, Høgskulen på Vestlandet 

Professor Tom Are Trippestad, Høgskulen på Vestlandet 

Disputasleiar

Dekan Vegard Fusche Moe