Timeplan

Du finn timeplanen din i timeplansystemet TimeEdit.

Du kan søkje opp timeplanen for ditt studieprogram og dine emne i tillegg til din timeplan. For å få opp din personlege timeplan («Min timeplan») for emnene du er undervisningsmeldt i, må du være innlogga med Feide. Du vel din campus for å logge deg inn. Det er òg mogleg å søkje opp timeplanen for ditt studieprogram eller ditt emne utan å logge deg inn. Bruk då inngangen «Åpen inngang HVL – krever ikke innlogging».

Timeplanen frå TimeEdit-kalenderen blir òg eksportert til Canvas-kalenderen. Andre timeplanoppsett enn timeplanen i TimeEdit er ikkje gjeldande.

Finn timeplanen din i TimeEdit


Logge på «Min timeplan»

  1. I TimeEdit vel du studentinngangen for din campus.
  2. Logg på med Feidepålogginga di.
  3. I "Min timeplan" får du timeplanen med alle emna du har i utdanningsplanen din. Merk at du må vere semesterregistrert i Studentweb for å kunne søke med studentnummer. Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.

Ny student? Har du ikkje semesterregistrert deg ennå, kan du likevel sjå timeplanen. Då vel du «Åpen inngang HVL – krever ikke innlogging». Så kan du søke opp studiet du skal starte på. 

Når blir timeplan publisert?

  • Timeplan for haustsemesteret blir publisert 15. juni.
  • Timeplan for vårsemesteret blir publisert 15. desember.

Undervisningsfri/demokratitid onsdag frå klokka 14

Onsdagar mellom kl. 14.00 og 17.00 er satt av til «demokratitid» for studentar og tilsette. I denne perioden skal det ikkje foregå undervisning. Regelen gjeld ikkje for etter- og vidareutdanning og praksis, og det kan òg gjerast avvik frå regelen om «demokratitid» i særskilte tilfelle.

Les meir i avtalen mellom HVL og Studenttinget på Vestlandet:

Her finn du samarbeidsavtalen mellom HVL og STVL.