Studieprogramråd
Studieprogramråda skal gje studieprogramansvarleg og fakultetsleiing råd om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og læringsmiljøet.
Mandat frå og med 1.8.2025
Utdanningsutvalet i HVL har i møte 13.2.2025, sak 2/25 vedtatt nytt mandat og årshjul for studieprogramråd, som er gjeldande frå og med 1.8.2025.
Felles mandat for alle studieprogramråd
Alle studieprogram i HVL skal vere tilknytt eit studieprogramråd. Studieprogramrådet skal gje dekan, institutt- og studieprogramleiing råd om kvalitetsutvikling av studieprogramma. I løpet av året skal rådet gå gjennom relevante evalueringar og studentdata, drøfte og gi råd om tiltak for å betre gjennomstrøyming og læringsmiljø på studieprogramma. Gjennom eksterne medlemmer skal rådet også få innspel og diskutere arbeidslivsrelevansen i utdanninga.
Dekan kan legge inn tilleggspunkt i mandatet for kvart enkelt studieprogramråd.
Medlemmer
Tal medlemmer frå dei ulike gruppene blir fastsett for kvart einskilt studieprogramråd.
Ved oppnemning skal campus og kjønnsbalanse ivaretakast, og det bør sørgast for at forholdet mellom interne medlemmer og eksterne/studentar er så balansert som mogeleg.
Rådet skal alltid ha desse funksjonane representert:
Ved behov kan andre funksjonar oppnemnast i tillegg.
Dekan utnemner leiar for studieprogramrådet. Ein av dei administrativt tilsette har sekretærfunksjon. Leiar og sekretær sett opp saksliste for møta i fellesskap. Referat frå møta vert lagt i arkivsystemet og sendt til institutt- og fakultetsleiing til orientering.
[1] Utvalde studenttillitsvalde representerer studentane i studieprogramrådet. I studieprogramråd som dekkjer fleire studieprogram bør ein etterstrebe at det er studentrepresentantar frå alle studieprogram som faste representantar eller vararepresentantar. Ein kan då velje å gi vararepresentantane møterett.
[2] Eksterne skal vere representant(ar) frå praksisfeltet eller samfunns- og arbeidslivet. Eksterne representantar frå UH-sektoren kan delta i tillegg.
Årshjul og saker
Sakene i årshjulet for studieprogramrådet er knytt til krava i HVL sitt kvalitetssystem. Tal møter og tidspunkt for handsaming av dei ulike sakane vert fastsett for kvart studieprogramråd.
Sak |
Tidspunkt |
Diskusjon og innspel om behov for endringar i emne- og studieplanar basert på emneevalueringar/ rapportar, andre innspel frå studentar og tilsette, arbeidsliv/praksisfelt. |
Haust |
Gjennomgang av data knytt til rekruttering, gjennomstrømming og kandidatproduksjon. Drøfting av behov for tiltak. |
Haust |
Gjennomgang og drøfting av resultat og oppfølging av handlingsplan frå periodiske evalueringar |
Haust (ny evaluering om lag kvart 5. år) |
Vurdering av resultat frå studiebarometeret og evt. andre student- og kandidatundersøkingar |
Vår |
Drøfte læringsmiljøet på studieprogrammet og vurdere om det er behov for tiltak |
Vår |
Godtgjersle
Studentar og eksterne vert honorert for deltaking i studieprogramrådet.
Les meir om retningslinjer for honorar og lønn her.