Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FHS

Vi skal vere attraktiv, tett på studentane og kjend for kvalitet i utdanning. Fakultet for helse- og sosialvitskap tilbyr ei stor studieportefølje med ei rekkje utdanningar frå bachelor til ph.d.

Arbeidet med utdanningskvalitet i utdanningane er leia av prodekan for utdanning og følgt opp av institutt og fagseksjonsleiing og studieprogramansvarlege.

Det er etablert 19 studieprogramråd knytt til våre bachelor- og masterprogram. Studieprogramråda er sentrale i arbeidet med kvalitet i utdanningane.

Mandat for studieprogramråd

Alle studieprogram i HVL skal vere knytt til eit studieprogramråd. Studieprogramrådet skal gje dekan, institutt-, og programleiing råd om kvalitetsutvikling av studieprogramma. I løpet av året skal rådet gå gjennom relevante evalueringar og studentdata, drøfte og gje råd om tiltak for å betre gjennomstrøyming og læringsmiljø på studieprogramma. Gjennom eksterne medlem skal rådet også få innspel og diskutere arbeidslivsrelevans i utdanninga.

 Dekan kan leggje inn tilleggspunkt i mandatet for kvart enkelt studieprogramråd.

Kvalitet i emne

Utvikling av emne skjer med utgangspunkt i erfaringar, dialog og evalueringsresultat. Kjeldene til informasjon om kvalitet i emne hentast frå:

  • Referansegruppemøte eller klassemøte. Desse møta vert gjennomført om lag midt i emnet. Studentane skriv referat frå desse møta.
  • Anonym sluttevaluering vert gjennomført i slutten av emnet via evalueringsverktøyet EVA.
  • Avsluttande evaluering av emnet. Ei emnerapport frå emneansvarleg eller referat frå dialogmøte med emneansvarleg. Den avsluttande evalueringa gir grunnlag for forslag om endringar i emne og/eller studieprogram. 

Referat frå dialog møta og emnerapportar leggast på SharePoint.

Emneansvarleg ser til at evalueringa blir gjennomført og at dokumentasjon av kvalitetsarbeidet sendast til fagseksjonsleiar/studieprogramansvarleg

Fagseksjonsleiarane er ansvarleg for at dokumentasjonen er tilgjengeleg på SharePoint .

Emne på tvers i fakultetet

Masteremnet Vitenskapsteori, etikk og metode er eit fellesemne for alle masterprogramma ved fakultetet. Evaluering av dette emne gjennomførast av emnekoordinator på det enkelte studieprogram og sendast emneansvarleg, som skal følge ordinær rutine ved emneevaluering.

Referat og rapportar av fellesemne i fakultetet vert handsama i Utdanningsutvalet FHS ved behov.

Kvalitet i studieprogram

Studieprogramrådet fastsett oppfølgingsform (tidspunkt for når dei enkelte emna skal gjennomføre dei ulike evalueringane) for studieprogramma. 

Fagseksjonsleier har ansvar for at studentane vel studenttillitsvalde og vararepresentantar på alle kull.

Dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet på studieprogramnivå blir henta frå desse kjeldene:

  • Studenttillitsvaldmøte anbefalast som eit fast møtepunkt minst ein gong kvart semester mellom tillitsvalde studentar og fagseksjonsleiar/ studieprogramansvarleg. Instituttleiar kan delta på desse møta. Referat lagrast på Sharepoint.
  • Studieprogramrådet har 2 møte kvart år. Studieprogramråda skal gje fagseksjonleiar og fakultetsleiing råd om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og råd om tiltak for å betre gjennomstrømming og læringsmiljø. Referata frå desse møta skal også leggast på SharePoint.
  • Sentrale saker som behandlast av Studieprogramråda er:
    • diskusjon og innspill om behov for endringar i emne og studieplanar, basert på emneevalueringar/rapportar, andre innspel frå studentar og tilsette, arbeidsliv/praksisfelt (haust)
    • gjennomgang av data knytt til rekruttering gjennomstrømming og kandidatproduksjon. Drøfting av behov for tiltak. (haust)
    • gjennomgang av drøfting av resultat og oppfølging av handlingsplan frå periodisk evalueringar (haust omlag kvart 5. år).
    • vurdering av resultat frå Studiebarometeret og evt. andre student - og kandidatundersøkingar (vår)
    • drøfte læringsmiljøet på studieprogrammet og vurdere om det er behov for tiltak (vår)   
  • Samarbeidsmøte med praksis ( fagspesifikke utdanningsråd) - gjennomførast på alle bachelor- og nokre masterstudiar. Referat frå desse møte leggjast på Sharepoint.

Fagseksjonsleiar har ansvar for å følgje opp dokumentasjonen frå det systematiske arbeidet med kvalitet i studieprogrammet og rapportera til instituttleiar.

Årleg vurdering av kvalitet i studieportefølje

Fakultetet vurderer årleg studieporteføljen og sender vidare sak om studietilbodet til høgskuleleiinga. Fakultetet innarbeider tiltak for å utvikle enkeltvise studieprogram i planar på institutt- eller fakultetsnivå.

Ressursar