Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag

Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har over 350 studentar og om lag 60 tilsette, fordelt på campus Bergen og campus Haugesund.

Vi utdannar studentar til viktige og etterspurte oppgåver i samfunnet. Med fire bachelorprogram og eitt masterprogram, er vi eit institutt som spenner frå helsefag til klassiske ingeniørfag. Bioingeniørutdanninga og kjemiingeniørutdanninga er lokalisert i Bergen, medan branningeniør- og HMS-ingenørutdanninga er lokalisert i Haugesund

Studieprogramma har eit stort innslag av praktisk ferdigheitstrening som foregår i lyse og moderne laboratorium, og i samarbeid med eksterne verksemder i regionen. Laboratoria blir nytta både til utdanning og forsking. 

Forskningsaktiviteten har stor breidde og foregår i nært samarbeid med næringslivet i regionen og med andre høgare utdanningsinstitusjoner i inn- og utland.

Ved vårt insitutt får studantene får brei og oppdatert kunnskap som dei vil ha nytte av når de møter samfunns- arbeids- og næringslivet.