Synleggjering av usynlege praksisar i lærarutdanninga
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvend forsking
Prosjektperiode
Januar 2023 - Desember 2026
Prosjektsamandrag
Lærarutdanningar har ulike tradisjonar og utfordringar i ulike land, medan det samtidig veks fram ein global trend der utdanning blir reduserast til evidensbasert praksisar med på førehand definert, målbart utbytte. I ei slik tilnærming kan komplekse og samansette sosiale, økonomiske, institusjonelle og samfunnsmessig forhold bli reduserte til lærarutdannarars (manglande) individuelle kompetansar. Dette prosjektet derimot, ser lærarutdannarar som del av systemiske verksemder. Desse verksemdene blir sett som komplekse interaksjonar i samanvevde system som er i stadig endring .Det er forventa at lærarutdannarar skal vere i kontinuerleg utvikling, fornye arbeidsmåtar og auka eigen kompetanse både som undervisar og som forskar, utan at desse prosessane naudsynlegvis blir fylgt opp, strukturert, sett i lys av historiske, sosiale, økonomiske eller naturmessige kontekstuelle vilkår, eller vitskapleggjort. Dessutan er det fleire enn hen som underviser i klasserommet eller rettleiar studentar som arbeider for utdanning til barnehagelærarstudentane. Her er fleire praksisar som kanskje ikkje alltid kjem like tydeleg fram. Bygd på forståing av at kjennskap til eksisterande praksisar og kva system praksisane er innvevde i er svært relevant for å utbetre praksisar, spør vi: Kven er lærarutdannarane og kva driv dei på med? Målet er få større innsikt i kompleksiteten i utdanningspraksisar, utfordre myter om lærarutdanningspraksiser og utfordre eller ta vare på vilkår som kan bidra til at praksisar blir utbetra gjennom ansvarleg innovasjon.