Erasmus Mundus Design Measures (EMDM), Master Health Equity
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Pedagogisk utviklingsarbeid
Prosjektperiode
Oktober 2023 - Desember 2024
Finansieringskjelder
EU
Prosjektsamandrag
Målsetting med EMDM prosjektet var å utvikle og akkreditere eit felles internasjonalt masterprogram i liekverdig hese, Master in Health Equity, i samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Arcada University of Applied Sciences, Universidad de Zaragoza (Unizar) og Humanity & Inclusion. Gjennom prosjektperioden vart det etablert eit solid fagleg og administrativt grunnlag for ein framtidig EMJM søknad, med særleg vekt på felles kvalitetssikring, mobilitetsstruktur og arbeidslivsrelevans. Partnarane utvikla eit innovativt og tverrfagleg studietilbod som tek for seg globale utfordringar knytte til helse, rettferd og berekraft. Arbeidet omfatta utforming av læringsutbytte, pedagogisk innovasjon, mobilitet mellom institusjonane og samarbeid om praksis, samt utvikling av felles prosedyrar for leiing, vurdering, opptak og vitnemål. Resultatet vart eit fullt utvikla joint masterprogram som møter internasjonale standardar og er klar for innsending som søknad til Erasmus Mundus Joint Masters (EMJM) i februar 2026.