StudentFORSK HVL

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Oppdragsprosjekt

Prosjektperiode

Februar 2025 - Februar 2028

Prosjektsamandrag

Mandat for prosjektet er gitt og godkjent av prorektor utdanning og prorektor forsking HVL 23.02.25 Målet er å skape en kultur ved Høgskulen på Vestlandet der samarbeid mellom studentar og tilsette fremmer innovativ forsking, og der studentane allereie tidleg i studiane ser seg sjølv som aktive deltakarar i kunnskapsutviklinga. Vi ønsker å skape eit miljø som oppmuntrar til utforsking, læring og samarbeid, der forsking ikkje berre er forbehaldt erfarne forskarar, men også gjev plass til nysgjerrigheit og engasjement frå studentane. Gjennom å integrere forsking som ein naturleg del av studieløpet skal vi bidra til å bygge sjølvtillit, ferdigheiter og en djupare forståing hjå studentane, slik at dei blir viktige bidragsytarar i samfunnet og høgskulen si kunnskapsutvikling.