Det fleirkulturelle stabsfellesskapet i norske sjukeheimar: moglegheiter og utfordringar (MULTICARE)

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforskning vest

Prosjektperiode

Oktober 2016 - Oktober 2020

Finansieringskjelder

Noregs forskingsråd

Totalbudsjett

18200000 NOK

Prosjektsamandrag

MULTICARE er eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSEVEL. Prosjektet er leia av Senter for omsorgsforsking Vest (SOF vest), ved Høgskulen i Bergen, og er eit samarbeidsprosjekt med deltakande forskarar frå Senter for omsorgsforsking (SOF vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL).

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Meir spesifikt skal prosjektet sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestane og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål er:

  • Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?

  • Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?

Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus;

  1. Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sykeheimer i rurale og urbane strøk

  2. Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa.

  3. Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.

  4. Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap.

 

 

Ved å nytte ei blanding av ulike forskingsmetodar vil me kartlegge problemstillingane og få innsikt i erfaringane til dei ulike aktørane på, og knytt til, sjukeheimane. Metodane vil mellom anna vere deltakande observasjon, intervju og fokusgruppe-intervju med leiarar, tilsette ved sjukeheimane, brukarar og pårørande.

Norske styresmakter krev at praksisen i sjukeheimar skal vere basert på forsking. MULTICARE vil bidra til dette gjennom å inkludere leiarar og tilsette på sjukeheimane frå prosjektstart til prosjektslutt, samt gjennom å samarbeide med fleire utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenestar (USHT, Gjøvik og Førde) gjennom utprøving av ny kunnskap knytt til leiing av multikulturell stab.

I 2011 hadde om lag 13 prosent av dei tilsette i omsorgssektoren i Noreg etnisk minoritetsbakgrunn. I Oslo utgjorde talet rundt 40 %. Dette indikerer ein dobling på fem år (Ramm 2013). Arbeidet i sektoren er dominert av kvinner og blant anna karakterisert av deltid, midlertidigheit, stor arbeids- og tidsbelastning, høgt sjukefråvær, vanskar med rekruttering og låg sosial status. Å utvikle berekraftige helse og omsorgstenester er ei av dei største samfunnsutfordringane i Noreg og Europa. Norske styresmakter varslar store endringar i offentleg sektor og set i verk reformer som endrar rammeverket for utforming og utøving av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Kunnskap om kva typar av utfordringar og moglegheiter multikulturelle arbeidsfellesskap representerer er viktig for å kunne legge til rette for rekruttering av, og kontinuitet i, omsorgsarbeidsstyrken. Arbeidet, tenesteytinga, i dei kommunale helse og omsorgstenestene er grunnleggande både for berekraft, utvikling og kvalitet i tenestene – det er gjennom arbeidet tenestene vert (re)produsert.