Rettleiar for masteroppgåva ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Denne rettleiaren gir utfyllande retningslinjer for masteroppgåva ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 11-21.
Rettleiaren gjeld dei mastergradsstudia høgskulen sjølv administrerer. Ved samarbeid med andre universitet og høgskular, gjeld retningslinjene for masteroppgåva ved den høgskulen som tildeler graden.
Mål med masteroppgåva
Gjennom masteroppgåva skal studenten gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt innan eige fagfelt og emne for den aktuelle masterutdanninga. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid der studenten synleggjer innsikt i aktuell forsking, teori og metode som er relevant for oppgåva si problemstilling. Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid. Oppgåva skal reflektere læringsutbyttet, slik det kjem fram i emneplanen.
Masteroppgåva kan vere individuell eller eit samarbeidsprosjekt. Sjå på emneplanen for masteroppgåva kor dette skal vere presisert
Rettleiing
Alle masterstudentar skal inngå ein rettleiingsavtale, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 11-18 (1).
Oppnemning av rettleiar
Masterportalen er eit verktøy som nyttast for at studentar kan melde interesse til ferdige prosjektskisser, levere eiga prosjektskisse, få tildelt rettleiar og signere rettleiingskontrakt. Det er også mogeleg for student å ønskje rettleiar. Sjå Masterportalen for meir informasjon.
Ein av rettleiarane skal vere frå HVL og skal som hovudregel vere tilsett ved instituttet/senteret. Studenten kan òg ha rettleiarar frå eksterne miljø. Dersom studenten har fleire rettleiarar, skal det gå fram av rettleiingsavtalen kven som er hovudrettleiar. Rettleiinga skal omfatte faglege, vitskapelege og praktiske sider ved gjennomføring av masteroppgåva.
Rammer for rettleiinga
Studenten skal ha oppfølging og møte med rettleiar(ane) gjennom arbeidet med masteroppgåva.
Utover rettleiingsmøte med studenten inneber rettleiinga frå rettleiaren si side:
- Oppfølging av studenten (forberede rettleiingsmøte, gjennomlesing av utkast og liknande)
- Eventuell oppfølging av lab-eksperiment, feltarbeid og liknande
- Eventuell fagleg oppdatering
Rettleiinga er eit felles ansvar, og masterstudenten skal vere ein aktiv part:
- Studenten legg plan for rettleiing og framdrift ilag med rettleiaren .
- Studenten ansvaret for form og innhald i oppgåva
- Studenten sender rettleiingsgrunnlag til rettleiar til avtala tid før rettleiingsmøte
Rettleiaren skal ikkje vere medforfattar av masteroppgåva. Masteroppgåva er studenten si oppgåve.
Ein student kan søke om å få utvida studieretten med inntil to semester om hen ikkje kjem i mål med oppgåva. Retten til utvida studierett er fastsett i Forskrift om studium og eksamen ved HVL §4-3. I slike tilfelle kan studenten få meir rettleiing dersom hen ikkje allereie har brukt opp timetalet / ressursane for rettleiing, slik det kjem fram i rettleiingsavtalen (sjå Masterportalen).
Det er instituttet sitt ansvar å skaffe ny rettleiar til studenten, dersom den som opphavleg var rettleiar på masteroppgåva ikkje har høve til å utvide rettleiarforholdet
Språk
Masteroppgåva skal skrivast på norsk eller engelsk. Andre skandinaviske språk kan nyttast etter avtale med rettleiar, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen. Ved engelskspråklege masterprogram skal oppgåva skrivast på engelsk, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.
Oppgåver som blir skrivne på norsk, eller andre skandinaviske språk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på engelsk skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 11-21 (2). Kravet om samandrag på norsk/skandinavisk fell vekk for engelskspråklege masterprogram.
Struktur og formelle krav
Struktur
Dersom strukturen og omfanget på oppgåva ikkje er definert, skal desse aspekta bli drøfta med rettleiar. Fagområda har utarbeidd malar for masteroppgåva, som du finn i Canvas.
Formelle krav
Krav om forkunnskapar kjem fram i emneplanane til kvart av masteroppgåveemna. Sjekk i emneplanen under "forkunnskapskrav".
Masteroppgåva skal innehalde føljande punkt:
- HVL si framside med tittel på masteroppgåva, utdanning/fagseksjon, kandidatnummer og dato for innlevering. Framsidemal finn du på nettsida om bachelor- og masteroppgåver.
- Eit samandrag/abstract av oppgåva
- Innhaldsliste med kapittelinndeling og sidetalstilvising
- Figurar og tabellar skal setjast opp og omtalast i den fortløpande teksten, nummererast og ha forklarande tittel. Ei eventuell oversikt over figurar og tabellar skal plasserast etter innhaldslista
- Referanseliste
- Vedlegg skal nummererast og førast opp i innhaldsoversikta. Vedlegg som har fleire sider skal nummererast
Kjeldetilvising
- Siteringar og referanselista følgjer referansestilen som nyttast innan det aktuelle fagfeltet (til dømes IEEE, APA, Harvard eller Vancouver), sjå nettsida Søk & skriv for rettleiing i bruk av stilen
Kunstig intelligens
Studentar som jobbar med masteroppgåve må halde seg orienterte på HVL si nettside om KI og spesielt med retningslinjene for bruk av KI ved HVL.
Forskingsetikk
Studenten har eit sjølvstendig ansvar for at arbeidet med masteroppgåva følgjer forskingsetiske normer, reglar og retningslinjer som gjeld for prosjektet og fagområdet.
Alle prosjekt som tar i bruk personopplysningar, skal vere vurderte av Sikt på førehand. Sjå Oppstart av studentprosjekter under personopplysningsloven.
Rettleiar har ansvar for å godkjenne prosjektplanen og sjå til at dei forskingsetiske forpliktingane blir oppfylte.
For meir detaljar, sjå HVL sine retningslinjer om forskingsetikk og datalagring i masteroppgåver.
Innlevering
Oppgåva skal leverast i Wiseflow.
Tittelen på oppgåva skal førast på vitnemålet og studenten må sjølv registrere tittelen i StudentWeb ved leveringa.
For å få publisert arbeidet i HVL Open, kan studenten krysse av for publisering når oppgåva blir levert i Wiseflow. Sjå meir om publisering under punktet Opphavsrett og publisering.
Innleveringsfrist
Innleveringsfristen skal vere kunngjort på Studentweb innan oppmeldingsfristen (1. september/1. februar).
Eksamen og sensur
- Ved sensurering av masteroppgåve skal det oppnemnast to sensorar og minst ein av desse skal vere ekstern.
- Sensor kan ikkje ha vore rettleiar på masteroppgåva.
- Sensor skal minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
- Sensurfrist for masteroppgåver er inntil 6 veker
Ekstern/intern rettleiar kan vere med på eksamen og vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål frå sensor, men må gå ut når karakter blir fastsett.
For meir informasjon om vurderingsform for masteroppgåva, sjå emneplan.
Ved ikkje bestått masteroppgåve
- Ved karakteren F (ikkje bestått), kan studenten levere forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgande semestera.
- Det er berre mogleg å levere forbetra versjon ein gong.
- Ved innlevering av masteroppgåva for andre gong kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.
Opphavsrett og publisering
Studenten har opphavsrett til masteroppgåva. Er det andre enn studenten som eig dataa for masteroppgåva, gjeld andre reglar.
Oppgåver som er bestått, kan leggjast ut i HVL Open. Studenten bestemmer sjølv om oppgåva skal leggjast ut eller ikkje, med mindre noko anna er avtalt med eventuell prosjekteigar (klausulering).
For meir informasjon om avtalevilkår ved publisering finn du på HVL sine nettsider om Publisering av oppgåver og Avtalevilkår for publisering i NVA
Fakultetet tilrår berre publisering av oppgåver som ved sensur er vurdert til karakteren C eller betre.
Vedtatt av dekan 19.12.2025.