Korleis bruke kunstig intelligens som student?
På denne sida finn du svar på kva KI-verktøy du kan bruke som student, og korleis du kan bruke KI til læring og når du skal skrive oppgåver.
Kva slags KI-verktøy kan eg bruke?
Det finst mange KI-verktøy som kan vere nyttige å bruke. HVL anbefalar spesielt språkmodellen GPT UiO, søkeverktøyet Keenious og transkriberingstenesta Autotekst.
GPT UiO
HVL tilbyr GPT UiO for HVL som personvernsikker språkmodell for deg som student. Det er ei rekke andre språkmodellar og verktøy ein òg kan nytte. Vis ekstra kritisk medvit dersom du tek i bruk andre kommersielle verktøy som ikkje har databehandlaravtale, eller ikkje gjer greie for korleis data og personopplysningar vert handsama.
Keenious
Keenious er eit KI-basert søkeverktøy som kan vere nyttig når du skal bli kjent med eit nytt fagområde. Keenious kan ikkje erstatte tradisjonelle søk i databaser, men kan tipse deg om forskingsartiklar som kan vere relevante for deg. Du kan legge inn tekst eller laste opp ein pdf. Les meir om Keenious på HVL-biblioteket sine sider.
Autotekst
Autotekst er ei teneste for transkribering av tale til tekst som er utvikla av UiO og køyrer på serverar ved UiO. Du kan mellom anna bruke Autotekst til transkribering av lydopptak og teksting av video. Lenke til Autotekst og informasjon om universell utforming av lyd.
Kan eg bruke KI som kjelde til informasjon?
Å bruke KI-verktøy er ikkje det same som eit søk på internett. Språkmodellar som ChatGPT eller GPT UiO er ikkje ein kunnskapsdatabase. Hentar du informasjon frå ChatGPT eller GPT UiO, må du finne andre kjelder som verifiserer innhaldet.
Generative KI-verktøy som GPT UiO skal ikkje brukast som kjelde til informasjon, eller til å finne relevant litteratur. Dersom du vil utforske KI i samband med litteratursøk kan du teste søkeverktøyet Keenious.
Korleis kan eg bruke kunstig intelligens til læring?
Når du skal lære nytt fagstoff kan du til dømes be KI-verktøyet om å gi deg kontrollspørsmål for å sjekke om du hugsar stoffet. Du kan også gi KI rolla som kritikar eller konstruktiv rettleiar som skal gi deg tilbakemelding på ein tekst du har skrive.
Kva kan KI hjelpe med når eg skriv ein akademisk tekst?
Her er eksempel på kva du kan bruke KI i til. Oversikta er ikkje uttømmande.
- Skriving og forbetring av tekst: Du kan be KI-verktøyet om å forbetre teksten din språkleg, for eksempel om du vil at teksten skal bli lettare å forstå for lesaren.
- Oversetting: Du kan bruke KI-verktøy til å oversette tekst til eller frå eit anna språk.
- Sparringspartner: Du kan få tilbakemeldingar på teksten din, eller på idear du har.
- Analyse: Du kan bruke KI-verktøy til behandling og analyse av data.
- Programmering: Du kan få hjelp til å skrive og teste kode/algoritmar.
- Figurar og tabellar: Du kan bruke KI-verktøy til å lage figurar, tabellar og liknande.
- Bildeskaping: Du kan bruke KI-verktøy til å lage bilde og figurar.
Korleis kan eg bruke KI i skrivearbeidet?
Hugs at det er forventa av deg at du skal levere ein sjølvstendig produsert tekst.
Når du brukar språkmodellen til skrivearbeid, fungerer den best i ein samtale. Spørsmåla du stiller blir derfor heilt avgjerande for kva du får tilbake. Det handlar ikkje berre om å stille eitt spørsmål, men om å forme svaret gjennom fleire rundar.
Når du brukar ein språkmodell, er kontekst nøkkelen til eit godt resultat. Utan kontekst kan svara bli overfladiske eller misvisande. Jo meir språkmodellen veit om kven du er og kva du skal bruke svaret til, dess betre blir svaret. Skriv at du er student, kva du studerer og på kva nivå. Forklar tydeleg kva du skal bruke svaret til, for eksempel forslag til formulering av problemstilling, disposisjon til ei oppgåve eller eksamensførebuing.
Kva må eg passe på når eg deler informasjon med eit KI-verktøy?
På same måte som for dei fleste andre tenester på internett, er det viktig at vi er bevisste på kva data vi deler med eit KI-verktøy. Du kan dele informasjon som er offentleg tilgjengeleg, men du skal ikkje legge inn personopplysningar om deg sjølv eller laste inn opphavsrettsbeskytta materiale. Brukar du GPT UiO kan du dele informasjon som ikkje er offentleg, men heller ikkje her kan du dele informasjon som kan skade enkeltpersonar eller organisasjonar.
Del aldri sensitive personopplysningar eller fortruleg informasjon uavhengig av kva slags KI-verktøy du brukar. For å sjå eksempel på kva type data du kan og ikkje kan dele, sjå HVL sin datalagringsinstruks.
Kva reknast som fusk på eksamen og for obligatoriske innleveringar?
Retningslinjene om fusk gjeld for alle innleveringar ved HVL, enten det er eksamen eller obligatoriske læringsaktivitetar.
- Dersom alle hjelpemiddel er tillate, kan du bruke KI som til dømes ChatGPT eller GPT UiO. Du finn informasjon i emneplanen og i eksamensoppgåva om kva for hjelpemiddel som er tillate.
- Dersom bruk av KI verkar inn på resultatet av funna dine, metode for analyse eller datahandsaming, skal du gjere greie for denne bruken i teksten din.
- Det er viktig å tenke på at eksamensoppgåver skal vere sjølvstendig utarbeida og at det er rekna som fusk (plagiat) å bruke kjelder i eksamensoppgåver utan tilstrekkelege kjeldereferansar. Sjå HVL sine retningslinjer om fusk.
Korleis skal eg gjere greie for at eg har brukt KI i oppgåva mi?
Tekst som er skriven av KI-verktøy blir ikkje rekna som ei kjelde i akademisk samanheng. Kjelder skal ha ein ansvarleg avsendar, og det er ikkje tilfelle for tekst generert av ein språkmodell. KI-verktøy som GPT UiO, kan dermed heller ikkje bli gitt ansvar som medforfattar.
Ein KI-tekst er ikkje mogleg for andre å skape på nytt. I teksten din bør du skildre korleis du har brukt verktøyet.
I større oppgåver kan det vere naturleg å beskrive bruken i ei innleiing eller ein metodedel. I mindre oppgåver som ikkje er ein samanhengande tekst, kan du gjere kort greie for dette der du synes det er naturleg.
Her er døme på korleis dette kan gjerast i teksten:
- Eg har brukt GPT UiO til å utforme ei skisse for bacheloroppgåva.
- GPT UiO blei også brukt for å sette opp ein tidsplan for prosjektet mitt.
- Vidare brukte eg GPT UiO til å foreslå problemstillingar og forskningsspørsmål for oppgåva.
Tilfelle der KI skal førast i litteraturlista
Det finst nokre tilfelle der du må referere til KI-verktøy i litteraturlista. Det gjeld tilfelle der KI er brukt som verktøy for å utføre analyser som påverkar resultat og funn i oppgåva di. Det gjeld også dersom oppgåva di handlar om eit bestemt KI-verktøy og du genererer innhald for å illustrere korleis verktøyet fungerer.
Har du fleire spørsmål?
Ta kontakt med HVL-biblioteket for spørsmål om akademisk skriving, litteratursøk og kjeldebruk:
Spør ein bibliotekar
Ta kontakt med Eining for eksamen for spørsmål om eksamen:
Eining for eksamen