Informasjon til praksisfeltet i barnehagelærarutdanninga

På denne sida finn du informasjon som er relevant for barnehagar som tar imot studentar frå barnehagelærarutdanninga. Informasjonen er primært knytt til avtalar, økonomi og rettleiarutdanning.

Høgskulen på Vestlandet og praksisbarnehagene er likeverdige samarbeidspartnarar og har eit felles ansvar for innhald, kvalitet og vurdering i praksis og for progresjonen i praksisopplæringa.
 

Felles informasjon som er aktuell for både studentar, praksislærarar og leiarar, finn du på studentsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Ønskjer de å bli praksisbarnehage?

Her finn de søknadsskjema

Fyll ut søknadsskjema om praksisbarnehagekontrakt, og send det på e-post til post@hvl.no, så vil de bli kontakta av praksiskoordinator på aktuell campus.

Rettleiarutdanning for praksislærarar 

HVL sitt tilbod om rettleiarutdanning

Høgskulen tilbyr nett- og arbeidsplassbasert vidareutdanning i rettleiing, felles for praksislærarar ved campusane på Stord, i Sogndal og Bergen. 

I tillegg vil det vere muleg å søke vidareutdanning i rettleiing hos Utdanningsdirektoratet gjennom kompetanse for framtidas barnehage. Søknadsfrist 1. mars via Utdanningsdirektoratet. Les meir om dei ulike alternativa på høgskulen sine nettsider:

Informasjon om andre relevante utdanningar ved høgskulen:

Studieåret 2022-2023, aktuelle datoar:

Datoar for ulike møte og samla oversikt over praksisperiodar

Samla oversikt over alle praksisperiodar.

Kurs for nye praksislærarar, alle campus - digitalt:

Torsdag 26. januar kl. 10.00-14.30. Alle barnehagane har fått informasjon om påmelding tilsendt på e-post.

Fagdag for praksislærarar i Bergen - fysisk på campus Kronstad:

Torsdag 2. februar - praksislærarar på 2. studieår
Onsdag 15. februar - praksislærarar på 3. studieår
Torsdag 9. mars - praksislærarar på 1. studieår

Styrarmøte:

Stord:
Tysdag 11. april, digitalt møte (ny dato)
Tysdag 9. mai, fysisk møte på campus

Sogndal:
Torsdag 13.april, fysisk møte på campus

Bergen:
Fredag 28.april, fysisk møte på campus

Studieåret 2023-2024, aktuelle datoar:

Kurs for nye praksislærarar

Det blir digitale kurs for nye praksislærarar:

Tysdag 29. august kl. 09.00-15.00
Kurset vil mellom anna inneholde informasjon om det å vere praksislærar og praksisstad, rettleiing, vurdering og skikkavurdering.

Dei som ikkje rekk kurset i august får ein ny sjanse:
Torsdag 11. januar kl. 09.00-15.00

Praksislærarar og styrarar vil få informasjon om påmelding på e-post.

Fagdagar for praksislærarar

Vi har gleda av å kalle praksislærarane inn til fagleg påfyll og gode diskusjonar:

Bergen:
14. februar for praksislærarar på 2. studieår.
20. februar for praksislærarar på 3. studieår.
19. mars for praksislærarar på 1. studieår.

Sogndal:
15. februar for praksislærarar på 2. og 3. studieår.
14. mars for praksislærarar på 1. studieår.

Stord:
16. november, for alle praksislærarar.

Meir informasjon kjem til hausten.

Endringar kan komme.

Styrarmøter

Studieprogramleiar ved barnehagelærarutdanninga vil invitere alle styrarar/dagleg leiarar i praksisbarnehagane til samarbeidsmøte:

Haust: 
Heiltid og deltid, alle campus: felles digitalt møte 7. september kl. 09.00-12.00  
ABLU-Sogndal/Gol: info kjem
ABLU-Stord/Haugesund: 13. september

Meir info kjem.

Vår - fysiske møter på kvar campus:
Bergen: 18. april, kl. 09.00-12.00, med lunsj
Sogndal: 24. april, kl. 09.30-12.30, med lunsj
Stord: 16. april, kl. 09.30-12.30, med lunsj


Avtalar og refusjon

Informasjon om avtalar med barnehagar og kommunar/private eigarar

Frå hausten 2021 vart det inngått løpande avtalar med praksisbarnehagane:

Høgskulen har sidan juni 2022 signert ny samarbeidsavtale med følgjande kommunar: Alver, Austevoll, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Haugesund, Karmøy, Luster, Sogndal, Stord, Sunnfjord og Årdal. I tillegg har vi inngått avtale med følgjande private barnehageeigarar: Espira Bergen og omegn, Eventus og Helse-Bergen barnehagar.

Det overordna formålet med avtalen er å sikre tilstrekkeleg og føreseieleg kapasitet på praksisplassar og god kvalitet i praksisopplæringa. Som del av samarbeidsavtalen vil det med verknad frå skuleåret 2023-24 bli innført ny ordning og nye, faste satsar for praksisrefusjon for studentar i grunnskule og barnehage. (Fast sats for kvar student per dag i praksis)

Nye satsar bygger på og er forankra i øvingslæraravtalane, og er samstundes knytt til tariff-festa lønn i skule og barnehage, og vil bli regulert i tråd med årleg lønnsjustering. Avtalen bygger på prinsippet om at praksisrettleiing inngår i årsverket til lærarar i skule og barnehage.

Den nasjonale avtalen for praksislærarar og tilhøyrande retningslinjer for nasjonal avtale omhandlar godtgjering av praksislærar og styrararar som har studentar i praksis. Barnehagen må i samarbeid med tillitsvalde avgjere korleis godtgjersle og timeressurs skal fordelast. De vil få informasjon om rutine for refusjon og faktura to gonger i året.

Frå hausten 2022 har vi ulike løysingar avhengig av om eigar har inngått ny avtale med HVL:

Ordinær løysing:

  • Her kan du sjå skjema med oversikt over timeressurs og godtgjersle
  •  godtgjersle (fast beløp per veke): går til praksislærar om ikkje noko anna er avtalt i barnehagen.
  • timeressurs for for- og etterarbeid: går til praksislærar om arbeidet er gjort utanfor ordinær arbeidstid. Går til barnehagen for å sette inn vikar om arbeidet er gjort i praksislærar sin ordinære arbeidstid.
  • timeressurs for møte: går som hovudregel til barnehagen for å sette inn vikar.
  • styrargodtgjersle: går til styrar/dagleg leiar

Refusjonsskjema for praksis i Sogndal

Framtidig løysing etter inngått avtale på eigarnivå:

Kontakt leiaren din om du har spørsmål knytt til fast sats for kvar student per dag i praksis.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksiskoordinator: