Praksis i barnehagelærarutdanninga

I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 100 dagar rettleia praksis.

Retningslinjer for praksis

Retningslinjene for praksis i barnehagelærarutdanninga er eit sentralt dokument, som alle må lese før praksisstart. Her finn du rammene for praksis, mellom anna informasjon om kva ansvar du har som student og praksislærar. Du må også gjere deg kjent med emneplanane for ditt aktuelle studieår og felles informasjon på denne nettsida. I tillegg er det viktig at du er kjent med studieprogramplanen.

Tildeling og fordeling av praksisplass

HVL skaffar praksisplassar

HVL har avtalar med faste praksisbarnehagar og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane.

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle.

Praksiskoordinator publiserer praksislister i Canvas før kvar praksisperiode. Praksislistene viser kor studentane skal i praksis. 

Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten barnehagane har meldt inn.

Fordeling av praksisplassar

Fordeling av praksisplassar skjer utfrå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:

  • studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis.
  • variasjon ved å sørge for at du får praksis ved ulike barnehagar og med ulike aldersgrupper.

Vi gjer merksam på at:

  • du kan ikkje ha praksis i ein barnehage der du er eller har vore tilsett, har eigne barn, nære familiemedlemmer eller kjente blant dei tilsette. Dersom dette gjeld deg, må du ta kontakt med praksisadministrasjonen.

Unnatak her er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning som kan ha praksis på eigen arbeidsplass andre og fjerde året.

  • Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.

Førebuing til praksis

  • Studenten skal delta på obligatoriske praksisførebuande møte.
  • Studenten skal ta kontakt med praksislærar før praksisperioden.
  • Student og praksislærar har felles ansvar for å planlegge praksisperioden.
  • Planlegginga skal ta utgangspunkt i gjeldande planar og læringsutbytte, og sikre studentens læring i praksisperioden.
  • Informasjon om korleis planane skal lagast blir gitt i samband med førebuande møte.
  • Eksempel på dokument til førebuing og rettleiing som kan brukast i praksisperioden:

Tidspunkt for praksis 2022-2023

Bergen, heiltid

1. studieår

Hausten 2022 veke 42-45, våren 2023 veke 10-13.
Praksisførebuande møte torsdag 29. september kl. 13-16.

2. studieår

Hausten 2022 veke 38-40, våren 2023 veke 5-8.
Praksisførebuande møte måndag 5. september kl. 14.15-17.

3. studieår

Haust veke 38-40, vår veke 7 og 8. Gjeld desse emna:

  • Kunstfagleg arbeid i barnehagen (KAB301)
  • Leiing og kulturkompetanse i barnehagen (LKB 301)
  • Leik og læring for alle (LEK301)
  • Pedagogisk leiing av lærande barnehager (PLLB301)

Praksisførebuande møte mandag 5. september kl. 14.15-17.00.

Haust veke 38-40, vår veke 6-7. Gjeld dette emnet:

  • Barn, natur og friluftsliv (BNF301)

Praksisførebuande møte mandag 5. september kl. 14.15-17.00.

Haust veke 39 og 40, vår veke 6-8. Gjeld desse emna:

  • Aesthetic and Outdoor Education (AOE301) 
  • Berekraftig utvikling gjennom barns medverknad (SDI 301)

Praksisførebuande møte tysdag 13. september kl. 14-16 og tysdag 24. januar kl. 13-16.

Haust veke 38-40, vår ingen praksis. Gjeld dette emnet:

  • Global knowledge (GKB301)

Praksisførebuande møte mandag 5. september kl. 14.15-17.00.

Haust ingen praksis, vår veke 6-8. Gjeld dette emnet:

  • Kulturforståing og komparativ pedagogikk (KKP301)

Praksisførebuande møte tysdag 24. januar kl. 13-16.

Bergen, deltid

1. studieår

  • Hausten 2022 veke 42-44, våren 2023 veke 10-12
  • Praksisførebuande møte tysdag 27. september kl. 14-16.

2. studieår

  • Hausten 2022 veke 38-40, våren 2023 veke 4-6
  • Praksisførebuande møte torsdag 8. september kl. 14-16.

3. studieår

  • Hausten 2022 veke 38-40, våren 2023 veke 6-8
  • Praksisførebuande møte tysdag 6. september kl. 11-13 og tysdag 24. januar kl. 13-16. 

4. studieår

Kun hausten 2022 veke 39 og 40.

Sogndal, heiltid

  • 1. studieår: Hausten 2022 veke 46-49, våren 2023 veke 9-11 og 16 (5 dagar i grunnskulen) Praksisseminar 1. november og 16. februar
  • 2. studieår: Våren 2023 veke 4-10. Praksisseminar 10.januar
  • 3. studieår: Hausten 2022 veke 42-45, våren 2023 veke 6 og 7. Praksisseminar 4. oktober.

Sogndal, deltid

  • 2. studieår: Hausten 2022 veke 46-48, våren 2023 veke 9-11. Praksisseminar 10. november og 9. februar.
  • 4. studieår: Hausten 2022 veke 44 og våren 2023 veke 7.

Stord, heiltid

  • 1. studieår: Hausten 2022 veke 40, 42-44, våren 2023 veke 6-8 og overgangspraksis grunnskule i veke 18.
  • 2. studieår: Hausten 2022 veke 48-50, våren 2023 veke 12-13, 15-16 og måndag i veke 17.
  • 3. studieår: Hausten 2022 veke 45-47, våren 2023 veke 10 og 11.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning

Gol

  • Gol 1. år: Våren 2023 veke 4-8. Praksisseminar 12. januar. Veke 16: 5 dagar i grunnskulen.
  • Gol 3. år: Hausten 2022 veke 47-49, våren 2023 veke 10-12. Praksisseminar 8. november og 14. februar.

Haugesund

  • Haugesund 2. år: Hausten 2022 veke 46-48, våren 2023 veke 10-12.
  • Haugesund 4. år: Våren 2023 veke 15-16 og måndag i veke 17.

Vurdering av praksis

Praksislærar skal fylle ut skjema for aktuelt studieår og campus (undervegsvurdering, sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis) Nedanfor finn du skjemaa som skal brukast ved dei ulike studieåra.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Undervegsvurdering og sluttvurdering

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogeleg og seinast halvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 

Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Studenten får tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.

Informasjon til praksisfeltet

Lenke til eiga nettside for praksisfeltet. Der finn du mellom anna samla oversikt over praksisperiodar, refusjonsskjema, reiserekningsskjema, den nasjonale avtala for praksislærarar og andre dokument knytt til praksis.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksiskoordinator:

Dette må alle kjenne til: