Skikkavurdering
Skikkavurdering skal beskytte sårbare personar. Den skal avdekke om ein student kan utgjere ein mogeleg fare for liv, helse, rettar eller tryggleik til dei studenten møter i praksis eller framtidig jobb.
Skikkavurdering er regulert i forskrift til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften).
Lenke til vurderingskriterium for skikkavurdering.
Løpande skikkavurdering
Kven gjeld løpande skikkavurdering for?
Løpande skikkavurdering gjeld alle studentar på ei utdanning som er underlagt forskrift om skikkavurdering.
Kva er og korleis føregår løpande skikkavurdering?
Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket.
Utdanningane vurderer heilskapen av faglege og personlege føresetnader for å kunne utøve framtidig yrke. Tilsette og dei som møter studentane i praksis, vurderer studentane kontinuerleg gjennom dialog og rettleiing. Dette skjer gjennom praktiske øvingar, gruppearbeid, undervisning, praksis eller andre situasjonar.
Det du viser som student, gir oss eit inntrykk av korleis du kan bli som yrkesutøvar. Profesjonsutdanninga skal førebu deg til å gjere ein god jobb for å ivareta dei du vil kome i kontakt med i framtidig yrkesutøving. Du må vere vurdert som skikka for å få vitnemål.
Det er HVL sitt ansvar å sørge for at dei tilsette, rettleiarar, praksisfelt og andre ved aktuell utdanning har nødvendig kunnskap og kompetanse til å kunne foreta løpande skikkavurdering.
Dersom det oppstår tvil om ein student er skikka, skal det sendast tvilsmelding om skikkavurdering. Tvilsmeldinga utløyser særskild skikkasak.
Tvilsmelding
Er du i tvil om en student? Skjema for å melde tvil
Skjema for tvilsmelding - bokmål
Skjema for tvilsmelding - nynorsk
Du kan ta kontakt med skikkaansvarleg på aktuell campus dersom du har behov for å diskutere saken før du sender tvilsmelding.
Kven kan melde tvil?
Alle som er i kontakt med studentar kan sende tvilsmelding, til dømes fagtilsette, praksisfelt, medstudentar eller andre studenten møter. Tvil om en students skikkaheit skal meldast skriftleg til skikkaansvarleg.
Tvilen må vere knytt til eitt eller fleire av kriteria i forskrifta. Tvilen skal vere grunngjeven. Den som leverer tvilsmelding, er ikkje part i saken.
Særskild skikkavurdering
Kven gjeld særskild skikkavurdering for?
Ein student er under særskild skikkavurdering når skikkaansvarleg har motteke ei grunngjeven tvilsmelding.
Kva er og korleis føregår særskild skikkavurdering?
Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding.
Særskild skikkavurdering kan påvirke individuell utdanningsplan, mellom anna kan praksis bli utsett og ein kan ikkje reise på utveksling til utlandet (sjå reglement for delstudium i utlandet.)
Alle som er involvert i ei sak, har taushetsplikt, jf. forvaltningsloven §13, første ledd.
Skikkaansvarlege skal følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med forskrift til universitets- og høyskoleloven §7-8. Dette inkluderer mellom anna:
- Varsle studenten skriftleg om at det er meldt grunngitt tvil om vedkomande er skikka for yrket.
- Undersøke saken og hente inn relevant informasjon.
- Kalle inn studenten til vurderingssamtale. Studenten kan ha med ein støtteperson.
- Lage skriftleg referat frå vurderingssamtalen. Referatet skal innehalde ein omtale av saka, studenten sine innspel og plan for utvida oppfølging og rettleiing av studenten.
- Følgje opp studenten og kalle inn til oppfølgingssamtalar.
- Vurdere resultatet av den utvida rettleiinga.
Skikkaansvarleg skal fremje saker om skikkavurdering for skikkavurderingsnemnda dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til nødvendig endring hos studenten, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven §7-8.
Utvida oppfølging og rettleiing
Ein student som er under særskild skikkavurdering, får tilbod om utvida oppfølging og rettleiing. Målet er at studenten skal bli styrka som komande yrkesutøvar, og tvilen kan leggast vekk. Det blir vurdert i kvart tilfelle kva løysingar som er aktuelle. Felles for dei fleste studentane er samtaler med rettleiar, og studenten må rekne med ekstra arbeid. Andre tiltak kan kome i tillegg.
Viktig å vite om samtalar med rettleiar:
Formål med utvida rettleiing:
- Rettleiinga skal stimulere studenten til eigenrefleksjon, utvikling og endring knytt til innhaldet i tvilsmeldinga.
Rammer for utvida rettleiing:
- Rettleiar sin rolle er å rettleie med utgangspunkt tvilsmeldinga, ikkje vurdere om studenten er skikka for framtidig yrkesutøving.
- Rettleiar får tilsendt referat frå vurderingssamtalen med skikkaansvarleg, og eventuelt tvilsmeldinga, før første rettleiingssamtale.
- I referatet frå vurderingssamtalen blir det foreslått eit timetal for rettleiing, men dette kan bli justert etter dialog mellom skikkaansvarleg og rettleiar undervegs.
- Rettleiar skriv ei oppsummering etter kvar samtale, som blir samanfatta i ein sluttrapport. Rettleiar sender rapporten til skikkaansvarleg.
Innhald i utvida rettleiing:
- Rettleiinga er meint å støtte og utfordre studenten.
- Studenten får ulike oppgåver som skal stimulere til refleksjon over eiga rolle i yrkesutøvinga.
- Studenten må rekne med førebuing til samtalane. Dette kan vere i form av rettleiingsgrunnlag, refleksjonsnotat, case eller liknande.