Historie

Årsstudium, hausten 2019

Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia. Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar.

Du lærer

  • om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
  • om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle (til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar)
  • korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • å kritisk vurdere historiefaglege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsmåtar

Vi har førelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Somme av emna har obligatorisk frammøte (sjå emneplanane). Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Du søker opptak til enten Sogndal eller Haugesund.

Studentgruppa i Haugesund følgjer undervisninga som blir gjeven i Sogndal på skjerm. Dei fleste førelesingane vil bli strøyma, og det vil bli lagt opp til tovegskommunikasjon mellom studentgruppa i Haugesund og faglærar i Sogndal i undervisningsøktene.

Kvart semester blir det minst ei samling i Haugesund med faglærar til stades.

Kva kan du jobbe med?

Les meir og sjå kva tidlegare studentar arbeider med.

Vil du studere meir?

Studiet utgjer første år av bachelor i historie. Dersom du følgjer det tilrådde studieløpet og vel emna Ex phil og Ex fac i årsstudiet, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorstudiet. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Sjå korleis det er!