Historie

Årsstudium Hausten 2020

Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia. Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar.

Årsstudium i historie kan du også ta som nettstudium.

Du lærer

  • om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
  • om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • å kritisk vurdere historiefaglege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsmåtar

Vi har førelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, munnlege presentasjonar, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Vil du studere meir?

Årsstudiet i historie er identisk med 1. studieår på bachelor historie. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.