Jus

Årsstudium Hausten 2021

Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Jus årsstudium kan enten vere starten på eit bachelorstudium i jus, eller inngå i ei anna utdanning der du ønskjer særlege kunnskapar i juridiske emne.

Studiet gir deg ei innføring i juridiske metode og grunnleggande reglar innan offentleg- og privatrett.

Du lærer:

  • om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus. 
  • om innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
  • korleis rettssystemet er bygd opp
  • korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar

Vil du studere meir?

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.

Etter søknad kan du få godkjent årsstudiet som tilsvarande første året i bachelor i jus ved Høgskolen i Innlandet.