
Innovasjon og entreprenørskap, deltid
Master Hausten 2021
Er du opptatt av berekraft, grønt skifte og nye teknologiske løysingar? Ønskjer du å utvikle eigen kompetanse og bidra til innovasjon på arbeidsplassen din? Eller har du starta eige selskap og ønskjer å utvikle verksemda vidare med oppdatert kunnskap?
Deltidstudiet i innovasjon og entreprenørskap er eit tilbod om å ta det 2-årige masterprogrammet over fleire år. Utdanninga er retta mot personer som jobbar med innovasjon i eksisterande verksemder, entreprenørar som er involvert i eigne oppstartsprosjekt, eller andre personar i jobb som ønskjer å heve kompetansen sin med ein mastergrad. Normert studietid på deltidsløpet er 4 år.
Deltidstudiet er ei unik moglegheit der verksemda får utvikla nye innovasjonsprosjekt samtidig som du får utvikla eigen kompetanse.
Masterprogrammet i innovasjon og entreprenørskap gir deg teoretisk og analytisk innsikt i korleis du kan bidra til teknologiutvikling, entreprenørskap, bedriftsutvikling og det grøne skiftet. Følgjande tema er sentrale i programmet:
- Innovasjonsstrategi, innovasjonsleiing, ansvarleg innovasjon og samarbeid
- Entreprenørskap, nettverk, strategi
- Innovasjonssystem
- Kommersialisering: Finans, marknadsføring, forretningsmodellar og innovasjonsmetodikk (Design Thinking)
- Innovasjonsprosjekt og entreprenørskap i praksis
I studiet inngår eitt valfag innan teknologi/realfag som byggjer på fagområdet ditt frå bachelorgraden.
Tverrfagleg samarbeid, praksisutplassering og konkrete caseoppgåver gir deg innsikt i korleis teoriar og metodar som du har lært i utdanninga er relevante for å jobbe med til dømes grøn teknologi, innovasjonsleiing eller bedriftsutvikling. Du lærer å forstå, forbetre og endre teknologi, bedrifter og næringsliv, både teoretisk, analytisk og praktisk.
Undervisningsmåter
Deltidsstudenten følgjer den same undervisninga som heiltidsstudentane, og er tilrettelagt for studentar med arbeidsstad i Bergen.
Undervisninga i masterprogrammet vekslar mellom førelesningar, gruppeoppgåver, gjesteførelesingar, individuelle innleveringar, refleksjon, presentasjonar, teamarbeid og rettleiing.
I studieprogrammet er det tett kopling mellom teori og praksis. I 2. semester inngår ein periode med utplassering i bedrift, medan du i 3. semester skal arbeide med innovasjonsprosjekt i team. Fagmiljøet har eit tett samarbeid med regionale næringsklynger, teknologioverføringsselskap (VIS), inkubatorar, etablerte bedrifter/organisasjonar, Connect Vest og Makerspace i praksisemna. For studentar som arbeider med innovasjon/entreprenørskap i sine stillingar kan som regel praksisperioden gjennomførast på eigen arbeidsplass (må godkjennast).
I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du vel problemstilling i masteroppgåva innan tema som blir undervist i studieprogrammet. Tema for masteroppgåva kan også knytast til problemstillingar i eigen organisasjon.
Kva kan du jobbe med?
Med mastergraden får du kompetanse til å organisere, leie og gjennomføre innovasjonsprosessar i organisasjonar, både i privat og offentleg sektor. Du får også kompetanse innan entreprenørskap og kommersialisering for å utvikle forretningsidéar, i tett samspel med eksterne aktørar som brukarar, pilotkundar og investorar. Du får dermed brei tverrfagleg kompetanse til å leie innovasjonsprosjekt og utvikle nye forretningsområde.
Masteroppgåva gir deg forskingsbasert kunnskap om innovasjon og entreprenørskap, som også gir deg høve til å søke nærings-ph.d. i ulike doktorgradsprogram.
Studiet har gitt meg en unik mulighet til økt faglig kompetanse. Dette som er vinn-vinn for arbeidsgiver og arbeidstaker. Fordelen med å studere i kombinasjon med arbeid, er at du stadig kan bruke kunnskapen du tilegner deg. Studiet anbefales på det sterkeste dersom du ønsker med kunnskap om innovasjon og entreprenørskap for å bidra med innovasjon i tidligfase eller start-up.
Bjørn Hønsi Følling