Hopp til innhald

Studieplan - E-helse

Hausten 2026

E-helse er definert av verdshelseorganisasjonen som bruk av IKT for å betre effektivitet, kvalitet og tryggleik i helse- og omsorgssektoren. E-helse omfattar derfor eit breitt spekter av løysingar som blir konfigurert og implementert til ulike situasjonar og på ulike nivå; individuelt, organisatorisk og på samfunnsnivå.

Helse- og omsorgstenestene møter store utfordringar med nye yngre brukargrupper og eit aukande tal eldre, samstundes som talet på personar i yrkesaktiv alder blir redusert. Dette stiller krav til andre måtar å organisere tenestene på. Det er eit nasjonalt mål at e-helse skal vere ein integrert del av tenestetilbodet i helse- og omsorgssektoren. Dette gir store endringar i rammevilkår rundt helsetenestetilbodet, som igjen krev at helsepersonell har oppdatert og kompleks kompetanse i skjeringspunktet mellom teknologi og helsefag. Det er derfor nødvendig å kjenne både potensial og avgrensingar, samt å forstå korleis teknologiske løysingar endrar tenestene.

Vidareutdanning i e-helse ved HVL er utvikla i samarbeid mellom ingeniør- og helsemiljøet. Gjennom studiet oppnår kandidaten kompetanse innan teknologiforståing, anskaffingar, implementering og konsekvensar av e-helse. Studentane får høve til nettverksdeling og kompetansedeling i studentgruppene.

Studiet er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng over 1 år (tilsvarar 50 % studieprogresjon) på masternivå og består av to emne. Kvart av emna blir gjennomført med to digitale samlingar og ei fysisk samling i Bergen. Digitale samlingar krev at studentane har tilgang til PC med kamera, mikrofon og lyd. Det blir rekna med om lag 20 timar arbeid med studiane per veke i studieåret.

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i helse - og sosialfag

Søkjarar med bachelorgrad/utdanning på bachelornivå frå andre fagområde og mist eit års yrkespraksis kan bli vurdert for opptak.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført studium skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten …

  • har inngåande kunnskap om å finne og vurdere aktuell og relevant teknologi som kan nyttast for tenestemottakarar og tenesteytarar i helse- og omsorgstenestene
  • kan analysere moglegheitene for nyskaping og innovasjon innan helse- og omsorg som følgje av innføring av e-helse
  • har spesialisert innsikt i metodar for å implementere e-helse
  • kan vurdere faktorar som påverkar aksept og bruk av e-helse på individuelt nivå, i organisasjonen og i samfunnet

Ferdigheiter:
Kandidaten…

  • kan delta som brukarrepresentant i spesifikasjon og testing av e-helseløysingar for tenestemottakar
  • kan vurdere bruk av e-helse frå ulike perspektiv:
    • nytte og føremålstenlegheit for tenestemottakar og tenesteytar
    • moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av e-helse
    • samfunnsøkonomiske
    • organisatoriske
    • etiske og juridiske
  • kan implementere e-helseløysingar metodisk
  • kan vurdere og tilpasse e-helseløysingar basert på individuelle behov til:
    • tenestemottakar
    • tenesteytar
    • pårørande og andre involverte
  • kan planleggje og gjennomføre innovative anskaffingsprosessar for e-helseløysingar

Generell kompetanse:
Kandidaten…

  • kan analysere og kritisk vurdere faglege, etiske og juridiske problemstillingar knytt til bruk av e-helse
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • forstår moglegheiter og avgrensingar ved bruk av kunstig intelligens (KI)
  • kan planleggje og samhandle om implementering av e-helseløysingar på individ- og organisasjonsnivå
  • kan analysere og kritisk vurdere integrering av e-helseløysingar i øvrige system i organisasjonen
  • kan nytte og formidle kunnskap og ferdigheiter innan fagområdet

Arbeidsformer

Gjennom heile studiet vil det vere aktivitetar via høgskulen sitt studiestøttesystem Canvas. Studiet legg vekt på studentaktive læringsformer, interaktive førelesingar, gruppearbeid, praktiske øvingar og sjølvstendig arbeid. Studentane kan bli pålagde obligatorisk arbeid til alle samlingane, inkludert den første.

Vurderingsformer

Vurderingsformer er i tråd med forskrift om studium og eksamen ved HVL. Kvart emne har avsluttande eksamen i grupper. Vurderingsformer som blir nytta i studiet er munnleg eksamen og skriftleg heimeoppgåve.

Krav til studieprogresjon

Gjennomført THO801 i løpet av dei siste 5 åra, alternativt fullførte obligatoriske arbeidskrav frå THO801 før studenten startar på THO802.

Organisering

Studiet består av to emne som kvar er på 15 studiepoeng: THO801 e-helse og velferdsteknologi og THO802 Implementering av e-helse.