Elkraftteknikk | Ingeniør

Bachelor

Vil du vere ein del av det viktige arbeidet med å sikre samfunnet elektrisitet i framtida? Vil du utvikle framtidas grøne energiløysingar? Studer elkraftteknikk og bli elkraftingeniør!

Kvifor studere elkraftteknikk?

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Blir du elkraftingeniør får du ei allsidig utdanning som gjer deg ettertrakta på jobbmarknaden.

Elkraft kan du studere på heiltid i Bergen eller Førde.

Har du fagbrev, men manglar generell studiekompetanse, kan du ta elkraft-studiet gjennom y-vegen, ei forkorting for "yrkesfagleg veg". Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs i juni. Elkraft gjennom y-vegen kan du ta ved campus Førde. 

Har du fagskuleutdanning?

Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du  utdanninga over 2 år. 

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Les meir om vegane inn til denne ingeniørutdanninga, ved å ta forkurs, realfagskurs, y-vegen eller tresemesterordning.