ØKB2113 By- og regionaløkonomi

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet startar med å drøfte korleis verksemdene sine lokaliseringsval er avhengig av transportkostnadar, faktorprisar, marknadsstruktur, konkurranse og informasjonstilgang. Som ei naturleg utviding presenteres sentralstadsteorien, og mogelege forklaringar på klyngejr av næringsaktivitet. Arealutnyttinga innanfor eit byområde diskuterest i samanheng med prisgradienter, blant anna med fokus på forhold i boligmarknaden. Det inngår også som ein sentral del av emnet å drøfte korleis ein region påverkest av eksogene sjokk. Dette gjerest blant anna med utgangspunkt i økonomisk baseteori, og ved hjelp av regionale kryssløpsmodellar. Regional arbeidsmarknadsteori og modeller for spatial interaksjon brukest vidare til å analysere geografiske skilnader i lønsvilkår, arbeidsløyse, flyttestraumar og befolkningsutvikling. Undervisninga gjer i relativt stor grad bruk av eksempler frå sørvest Noreg.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om kva forhold som styrer verksemdene sine lokaliseringval
  • Kjenner til kvifor det ofte oppstår geografiske klyngjer av næringsaktivitet, og korleis geografier typisk organiserest i ei hierarkisk orden av byer og tettstadar
  • Kjenner til teori for korleis ulike aktivitetar typisk opptar ulike område innanfor eit byområde, og korleis dette er knytta til arealprisar
  • Har kunnskap om sentrale modellar til å analysere verknadene av eksogene sjokk i ein lokal økonomi.
  • Kjenner til sentral teori for regionale arbeidsmarknader og flyttestraumar 

Ferdigheiter

Studenten:

  • Er i stand til å bruke mikroøkonomisk teori til å forklare tettstedsmønstre, og  har ei grunnleggjande forståing for geografiske skilnader i tomte- og boligpriser i ein region 
  • Kan gjennomføre enkle analysar av kva verknadar ulike sjokk kan ha i ein lokal økonomi. Slike sjokk kan for eksempel vere at ei stor verksemd etablerest, leggjes ned, eller vert relokalisert.
  • Kan bidra med enkle analysar for korleis endringar i transport infrastruktur kan påverke verksemdenes lokaliseringsval og tettstedsstrukturen i ein region
  • Har ei grunnleggjande forståing for problemstillingar knytta til regionale skilnadar i arbeidsløyse, sysselsetjing og befolkningsutvikling

Generell kompetanse

Studenten:

  • Er i stand til å forklare den geografiske fordelinga av økonomisk aktivitet innanfor resonnement som byggjer på generelle likevektssamenhengar
  • Behersker samla sett  eit fagleg verktøy som gir ei god forståing for sentrale samanhenger i den økonomiske-politiske debatten knytta til by- og regionaløkonomi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Mikroøkonomi og makroøkonomi

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar og gruppearbeid med studiekrav.

Arbeidskrav

Ja, formen kan variere fra eit år til det neste, og definerest nærare i semesterplanen. Godkjenning av studiekravet gjeld berre for gjeldande semester. Studentar med godkjend studiekrav fra tidlegare semestre gjer ein redusert og forenkla variant av årets studiekrav.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar, 100%

Karakterskala A-F

Eksamen byggjer på pensumboka og arbeidet med årets studiekrav.

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) blir utdelt