Hopp til innhald

MF6-1000 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sine kunnskapar og ferdigheiter om forhold som påverkar etterspurnaden etter produkt og tenester, og dermed verksemda sine inntekter. Fokuset er på modellar, teoriar og malar innanfor sentrale område av marknadsføring. Studentane skal lære å bruke desse som verktøy for å gjennomføre prosessar for å utvikle verksemda sitt marknadstilbod, kommunikasjon og leveransar til marknaden.

 

Emnet skal også øve studentane i å kunne presentere fagstoff (munnleg og skriftleg), finne fram til relevant forskingslitteratur og utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i marknadsføring. Studentane vert øvde i dette ved å jobbe med relevante problemstillingar og aktuelle case.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten skal:

  • ha kunnskap om sentrale modellar og teoriar knytt til korleis organisasjonar/verksemder planlegg, organiserer, gjennomfører og kontrollera sitt marknadstilbod
  • kunne gjere greie for teoriane, modellane og verktøya som vert nytta til å analysere ein marknad, finne målgrupper, forstå kundeåtferd og utvikle produkt/tenester/merkevare
  • kunne gjere greie for konkurranseverkemidla (marknadsføringsaktivitetane) som organisasjonar/verksemder kan nytte for å utvikle sitt marknadstilbod og møte ulike utfordringar og moglegheiter i marknaden
  • ha kunnskap om dagsaktuelle og gryande problemstillingar som er relevante for marknadsføringsfaget 

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne:

  • ta strategiske avgjersler knytt til val av marknad (inkludert målgrupper), produkt/teneste, marknadskanalar og pris, for ei verksemd
  • gjere greie for korleis marknadsorienterte verksemder kan utvikle sitt marknadstilbod, og korleis verksemder kan kommunisere og levere dette til marknaden
  • utarbeide marknadsplanar med utgangspunkt i analysar av dei utfordringar og moglegheiter verksemda står ovanfor  
  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar for bedrifter i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, diskusjonar, gruppearbeid og oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to arbeidskrav

Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Individuell digital fleirvalseksamen (skuleeksamen) på 45 minutt (tel 33%) i midten av semesteret.

Heimeeksamen over to dagar i grupper på 3-5 studentar (tel 67%) i slutten av semesteret.

Begge eksamenane må vera bestått for å få fullført emne.

Kandidatar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.