NAB1025 Sikkerheitsbevisstheit for sjøfolk med særskilte sikkerheitsplikter
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset tek føre seg innhald og reglar i SOLAS XI og ISPS-koda, og er med på å auke deltakarane sitt medvit rundt aktuelle tryggleiksutfordringar i dag. Me ser på gjeldande regelverk, historisk utvikling og aktuelle utfordringar i dag.
Det vil bli ein eigenandel på kurset. Nærare informasjon blir gitt ved utlysing av kurset.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten har kunnskapar om gjeldande regelverk og plikter. Han/ho har óg kunnskapar om tradisjonelle og dagsaktuelle tryggleiksutfordringar.
Ferdigheiter:
Studenten kan nytta kunnskapane på ein slik måte at dei kan identifisera og gjennomføra naudsynte tiltak og refleksjonar i høve til tryggingsarbeid ombord og i hamn.
Generell kompetanse:
Kurset dekker krava i STCW Regelv A-VI/6(4) og tabell A-VI/6-2.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingar og gruppeoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
100% obligatorisk oppmøte.
Vurderingsform
Eksamen blir gjennomført som ein multiple choice test.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel