NAB2015 Metode for Nautikk
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitskapleg forskingsmetode. Både kvalitative og kvantitative forskingstilnærmingar og metodar blir studert. Blant dei kvalitative datainnsamlingsmetodane gjennomgår ein blant anna intervju og fokusgrupper. Vi studerer nærare bruken av sannsynlegheitsutval i kvantitativ metode og kva for vilkår som må vera oppfylt for at resultata av eit utval skal kunne generaliserast til ein populasjon. Vi ser nærare på deskriptiv statistikk, hypotesetesting og bruk av statistiske metodar for samanlikning av grupper. Faget inneheld øvingar der dataverktøy (Excel) blir brukt for å analysere data og problemstillingar som kan være relevant for bachelorgrad i nautikk.
Læringsutbytte
Kunnskaper:
Studentene skal:
Ha oversikt over dei ulike trinna i ein forskingsprosess.
Ha kunnskap om ulike typar forskingsdesign, både kvantitative og kvalitative.
Ha kunnskap om grunnleggjande datainnsamlings- og analysemetodar, både kvalitative og kvantitative.
Ferdigheiter:
Kunne definere forskingsspørsmål og vite korleis ein kan gjera avgrensingar samt definere relevante omgrep og problem.
Kunne reflektere over muligheitane for generalisering, samt diskutere problemstillingar omkring validitet og reliabilitet, feilkjelder og feiltolkingar i empirisk baserte studiar.
Kunne velgje metodisk tilnærming for empirisk analyse av problemstillingar.
Kunne bruke og trekkje slutningar frå grunnleggjande statistiske og kvalitative analysemetodar.
Kunne bruke og vere fortruleg med relevant dataverktøy for i praksis å kunne utføre grunnleggjande analyse basert på empiriske data.
Generell kompetanse:
Studentane skal få ei innføring i samfunnsvitskapleg metode, deriblant anvendt statistikk og kvalitativ metode. Studentane skal kunne reflektere omkring forskingsetikk. Dei skal kunne vurdere alternative kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveløsning der vi bruker relevant dataverktøy
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Høgskulen sin kalkulator (Texas TI-84 Plus) vert delt ut under eksamen.
Meir om hjelpemiddel