PSYK6202 Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet vektlegg kunnskap om korleis samfunnet ved det offentlege, private og frivillige hjelpeapparatet møter menneske med psykiske lidingar, og korleis psykiatrihelsetenestene kan bli organiserte i framtida. Eit sentralt fokusområde er tverrfagleg samarbeid for å fremje helse og betringsprosessar hjå psykisk lidande. Merksemda blir retta vidare mot bakgrunnen for og konsekvensane av desentraliseringa av tenestene, med vektlegging av brukaren sin medverknad og meistring.
Læringsutbytte
- har inngåande kunnskap om kva forhold som fremjer betringsprosessar hjå psykisk lidande
- har inngåande kunnskap om sentrale føringar og lovverk som regulerer arbeidet med menneske med psykiske lidingar
- har inngåande kunnskap om oppbygging og organisering av dei psykiske helsetenester
- kan vurdere kva slags forhold som kan fremje meistring og myndiggjering
- kan analysere og kritisk vurdere modellar for helsefremjing, omsorg og samhandling
- kan identifisere naudsynte tiltak for fremjing av psykisk helse på individ- og gruppenivå
- kan analysere og vurdere rammevilkåra for psykisk helsearbeid på ulike nivå
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PSYK6101
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid, seminar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel