Hopp til innhald

MGBMU401 Musikk 2, emne 2 - Den utforskande musikklæraren

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studentar som er på utveksling kan ta Musikk 2 emne 2 som nettbasert fjernstudium.

Musikk 2 emne 2 gir ei innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn og innføring i forsknings- og utviklingsarbeid i musikk. Studentane vert kjend med norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar. Dette emnet omfattar også fordypning innen arrangering og komponering.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
  • har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
  • har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor omra¿da improvisasjon, komposisjon og arrangering

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over og drøfte musikken sine funksjonar som estetisk og fleirkulturelt samfunnsfenomen
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig og praktisk musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger på grunnleggande forskingsetiske prinsipp
  • kan skape sin eigen musikk ved hjelp av akustiske og digitale lydkjelder og arrangere musikalsk materiale for elever i barneskolen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å reflektere over, drøfte og vurdere aktuell forskning og ulike didaktiske kategorier
  • kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å legge praktisk vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga lærarrolle

Krav til forkunnskapar

Musikk 1, emne 1 og 2.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, litteraturstudier, studentstyrte seminar, sjølvstendig FoU-arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte.
  • Eitt skriftleg arbeidskrav.

Problemstilling for FoU-oppgåva (eller semesteroppgåva for studentar som tek emnet i sitt 4.studieår) skal vere godkjend innan gitt tidsfrist før arbeidet med oppgåva kan starte.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgende semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Deleksamen, med eitt skriftleg FoU-arbeid (semesteroppgåve for studentar som tek emnet i sitt 4. studieår) og ein mappeeksamen.

FoU-arbeidet/semesteroppgåva utgjer 51 % av endeleg karakter, og mappeeksamen utgjer 49 % av endeleg karakter.

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Skriftleg FoU-arbeid/semesteroppgåve

Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan FoU-arbeidet/semesteroppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.

Mappeeksamen

Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel