MGBSA301 Samfunnsfag 2, emne 1 - Fordjuping i samfunnsfag 1
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet er retta mot barne- og mellomtrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål.
Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emnet har ein balanse mellom lokale og globale tematikkar. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Det skal opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og læringsprosessar i skulen.
Emnet tar for seg klima, miljø og ressursforvaltning, demokrati og menneskerettar, urfolksproblematikk, og identitet knytt til kultur og oppvekst. Emnet gjev grunnlag for å vurdere og tolke ulike type data, som kan brukast i eige FoU-arbeid. Delar av pensum er på engelsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Kandidaten
- har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
- har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytt til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- har djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
- har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
- har innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar kjønnsidentitet, seksualitet og samliv
Dugleikar
Kandidaten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar data, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet på barne- og mellomtrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter, og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
- kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen.
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
- kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av obligatorisk arbeidskrav. Retningslinjer for arbeidskravet vil bli utlevert ved semesterstart.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel