Hopp til innhald

OR6-2003 Human Resource Management

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

HRM er eit kjernefag i moderne organisasjonsutdanning. Faget skildere korleis organisasjonar kan nyttiggjere seg tilsette sine evne, eigenskapar og ferdigheiter. Faget skrildrer og korleis ein kan tilrettelegge for læring, kompetanseutvikling, motivasjon, gode arbeidsforhold og jobbtilfredsheit.

Studiet skal gje grunnleggande kunnskapar om HRM-funksjonensitt ansvar, roller og oppgåve i styring og leiing av organisasjonar.

Kunnskap om relevante metodar, verkemidlar og verktøy.

Læringsutbytte

Kurset skal gje studenten ein innføring i HRM og gje innsikt i dette fagområdet i ein historisk, organisatorisk og kulturell samanheng. Kursopplegget skal basere seg på ein kombinasjon av teori og praksiseksempel frå arbeidslivet og gje trening i å nytte teori på praktiske problemstillingar.

Kunnskapar:

Studenten skal

  • omtale sentrale HRM-oppgaver.
  • forklare kvifor det er viktig å forankre HRM-funksjonen.
  • forstå arbeidslivet sine spelereglar.
  • forstå kva utfordringar internasjonalisering medfører for HRM-funksjonen.

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere HRM-funksjonar i ein organisasjon, som rekruttering, utvikling, avvikling og tilrettelegging av arbeidsmiljøtiltak.

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • få naudsynt forståing av den menneskelege kapital og dens betyding for verdiskapinga i modere verksemder
  • gjennom HRM få grunnlag for kritisk refleksjon rundt HRM-praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og casestudiar i grupper. Emnet legg opp til læring gjennom studentaktivitet, og arbeid med praktiske problem gjennom casearbeid. I tillegg er det viktig med sjølvstudium og arbeid i grupper mellom førelesingane. Førelesingane skal dekkje dei mest sentrale delane av emnet og skal vere ei støtte til det andre arbeidet som studentane skal leggje ned i dette emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit skriftleg arbeidskrav, ein skriv det i grupper på 2-3 studentar. Oppgåva må beståast for at ein skal kunne framstille seg til eksamen. Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR6-2002 - Personalleiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-212 - Personalleiing - Reduksjon: 4,5 studiepoeng
  • ØAA114 - Human Resource Management - Reduksjon: 7,5 studiepoeng