Hopp til innhald

MGBNA241 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Den levande naturen
  • Den ikkje-levande naturen.

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1. - 7. steg.

Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 1. - 7. steg. Studenten utviklar ferdigheit og generell kompetanse i å introdusere naturfag for dei yngste elevane. Utvikling av elevar si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen. Studenten lærer og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng. Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • han bruke partikkelmodellen til å konkretisere oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikronivå
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til aktuelle forsøk og aktivitetar som eignar seg for praktisk og variert undervisning av dei yngste elevane
  • har kunnskap om korleis solsystemet kan introduserast for elevar på barnesteget og korleis bygge på kunnskap om solsystemet ved undervisning av ulike fenomen som til dømes solformørkelse, måneformørkelse og flo og fjære
  • har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til for elevar på barnesteget
  • har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har kunnskap om korleis gjennomføre begynneropplæring i emner innan fysikk og kjemi
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsførestillingar
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan gjennomføre tverrfagleg undervisning med fokus på å designe og lage teknologiske produkt og knyte teknologi til tema innan fysikk og kjemi
  • kan tilrettelegge for overgangen frå barnehage til skule og frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barnesteget. Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studentane fortløpande levere 4 - 5 arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Blant obligatoriske arbeid inngår:

  • Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
  • Munnleg framlegg av praksisarbeid
  • Eit didaktisk arbeid

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Nærare omtale og retningslinjer for arbeidskrav vil vere klare ved semesterstart. Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel