Hopp til innhald

MGBNO402 Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Norsk 2 Språkmangfald og tekstmangfald (MGBNO402) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget. Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 2 - Historisk perspektiv (MGBNO302). 

Språkmangfald og tekstmangfald er andre del av Norsk 2 for GLU 1-7. Norsk 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget til norskundervisning på barne- og mellomsteget. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. 

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. 

Sentralt i Norsk 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten  

  • har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv 
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse 
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking  
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv 
  • har omfattande kunnskap om språkets retoriske funksjonar, munnleg kommunikasjon, og  lese- og skriveopplæring 
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv 
  • har kjennskap til samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa 
  • kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk 
  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar 
  • kan vurdere læringsressursar kritisk og rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale 
  • kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk 
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål og kan analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte 
  • kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnlege sjangrar 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile 
  • har innsikt i skulefaget sin historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag  
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati  
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar 
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane 
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid 

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Dei obligatoriske læringsaktivtetane bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle, samt til å vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

​Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga. 

  1. 2 oppgåver, 1 skriftleg og 1 munnleg knytt til vitskapleg tekstproduksjon.
  2. Studentane må rekna at delar av  undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent. 

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell skriftleg FoU-oppgåve (5000 ord +/- 10 % for individuelle oppgåver og 7000 ord +/- 10 % for paroppgåver). Oppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. Målform: Valfri. Tel 50 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Munnleg eksamen, 35 minutt. Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Oppgåve: Alle
  • Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel