Hopp til innhald

NAB3037 Tankoperasjonar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette emnet adresserer ei rekke grunnleggande og meir avanserte konsept, relevant for å jobba ombord i olje- og kjemikalietankskip.

Emnet dekker reglane i STCW 78 med tillegg, tabell A-V/1-1-1, A-V/1-1-2, A-V/1-1-3, og kvalifiserar til søknad om lågaste og høgste tankermannsertifikat olje og kjemikalie. 

Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.

Sikre operasjonar

  • Relevant regelverk
  • Korleis unngå farar
  • Generell HMS (Helse, Miljø, Sikkerhet)
  • Kriser og naudssituasjonar
  • Fysiske eigenskapar ved olje og kjemikalier
  • Sikker Jobb Analyse relatert til sikre operasjonar
  • Sikkerhetssystem relatert til sikre operasjonar
  • Operasjonelt utstyr

Miljø og forureining

  • MARPOL og relevant regelverk
  • Førebygging av ulukker
  • Førebygging av forureining
  • Sikker Jobb Analysar
  • Sikkerheitssystem
  • Ballast Water Treatment (Handsaming av ballastvatn)
  • VOC (Volatile Organic Compound)
  • Utstyr

Operasjonar

  • Grunnleggande prinsipp for tankoperasjonar
  • Avanserte prinsipp for tankoperasjonar
  • Rapportering av hendingar
  • COW (Crude Oil Washing - Råoljevasking)
  • Tankreingjering
  • Gasfriing
  • Særskilte operasjoner

Tryggleik

  • Teoriundervising, brann i væsker; Olje / Kjemikalier
  • Brannførebyggande; Olje / Kjemikalier
  • Brannbekjemping olje
  • Brannbekjemping kjemikalier
  • Diverse utstyr for brannbekjemping; Olje / Kjemikalie
  • Evakuering frå lukka rom
  • Diverse utstyr for evakuering frå lukka rom
  • Teoriundervising medisinsk førstehjelp; Olje / Kjemikalier
  • Medisinsk behandling olje
  • Medisinsk behandling kjemikalier
  • Medisinsk behandling brannskader
  • Førstehjelp i lukka rom
  • Tryggleik i lukka rom
  • Gassmålingsutstyr - Bruk og vedlikehald
  • Gassmålingar
  • Arbeid i lukka rom
  • Tryggleiks- og evakueringsutsyr til lukka rom

Læringsutbytte

- Kunnskap

Studenten:

  • Har brei kunnskap om tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Har brei kunnskap om reglar og forskrifter på olje- og kjemikalietankskip
  • Kan sjå moderne tankoperasjonar i historisk samanheng
  • Har kunnskap om forsking og utvikling på området

- Ferdigheter

Studenten:

  • Kan nytte teori og opparbeidd kunnskap i praktiske tankoperasjonar
  • Kan vurdere og iverksetje førebyggande tiltak mot forureining
  • Forstår bruk av HMS-system relatert til tankoperasjonar
  • Kan føre olje- og lastedagbøker
  • Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av oljelast
  • Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av kjemikalielast

- Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan utføre sikre og miljøvennlege operasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Har innsikt i akademiske og profesjonelle etiske problemstillingar relatert til tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Kan diskutere teoriar, problem og problemløysing relatert til tankoperasjonar med fagfolk og andre
  • Er kjent med og oppdatert på forsking og utvikling relatert til olje- og kjemikalietankskip 

Krav til forkunnskapar

NAB1022 Kjemi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

NAB2011 Varme- og strøymingslære

NAB2028 Lasteteknikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, Casestudier, praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk oppmøte (maks 4 timar fråvær).

Vurderingsform

  • Skuleeksamen, skriftleg eksamen, individuell 4 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F
  • Heimeeksamen, gruppeoppgåve, 72 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Skriftleg skuleeksamen - godkjent kalkulator: Casio fx-991EX
  • Heimeeksamen - alle hjelpemiddel tillatne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB3016 - Tankoperasjonar - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB3011 - Tankoperasjoner - Reduksjon: 5 studiepoeng