Hopp til innhald

SA571 Den sosiale kroppen

Emneplan for studieåret 2020/2021

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • har studenten grunnleggjande kunnskap om menneskekroppens status i samfunnsvitskapleg og kulturhistorisk forsking.
  • kan studenten gjengi hovudtrekka i analysane av kroppens historie, særskilt knytt til omgrepa om sivilisering og disiplinering.
  • har studenten kunnskap om korleis menneskekroppen er og har vore gjenstand for sosialt engasjement gjennom ulike former for ideologi, kontroll, ekspertise og politikk.
  • har studenten forståing for korleis dagens idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv speglar idear om menneskekroppen og meir allment ein historisk skapt «kroppskultur».

 

Ferdigheiter

  • kan studenten vurdere og forstå dagsaktuelle politiske og offentlege ytringar om menneskekroppen i eit historisk og sosiologisk perspektiv.
  • kan studenten nytte kunnskapen frå emnet til å tolke og formidle fenomen i samtida som inneber kontroll og styring av menneske og menneskeleg åtferd.

 

Generell kompetanse

  • kan studenten nytte ulike faglege perspektiv på menneskekroppen i refleksjonar og debatt over kva for avgrensingar og ressursar den representerer for aktørar i seinmoderne samfunn.
  • kan studenten vurdere korleis oppfatningar om menneskekroppen inngår i normativ oppvurdering og nedvurdering av enkeltmenneske og grupper i samfunnet.
  • kan studenten reflektere over forholdet mellom menneske, natur, sport og friluftsliv med basis i historisk- sosiologiske synsmåtar.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

60 studiepoeng i samfunnsvitskap, historie eller i profesjonsstudium (t.d. lærar, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid, vernepleie).

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og ulike former for gruppearbeid med skriving og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

4 timar skriftleg, individuell eksamen. Bokstavkarakter.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen 

Mer om hjelpemidler