BAMM1001 Maritim IT
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet tar for seg:
- Standardsystemer om bord, med styrkane og svakheitene sine, og arbeid med desse systema.
- Feilsøking, analyse av feil og avvik samt testing og inspeksjon.
- Sikkerhet på grunnleggande og avansert nivå.
- Introduksjon til automatisering, ny utvikling og trendar.
- Fordeler og utfordringar med automatisering, og ulike nivå av autonomi.
- Prinsipp for integrasjon av nye system, inkludert kommisjonering, påverknad og leveranse av input.
- Rammer og regelverk, samt leiing og administrasjon knytt til maritim IT
Læringsutbytte
Kandidaten:
- Har brei kunnskap om IT-baserte standardsystem om bord, inkludert miljøkrav.
- Har inngåande kunnskap om klassifisering av vanlege IT-systemer om bord og bruken av desse, herunder òg nettverk, ruterar, brannmur, identitets-, fil- og e-postservarar.
- Har brei kunnskap om prinsippa for kommisjonering og testing.
- Har kunnskap om vanlege tryggingsprinsipp og korleis ein kan unngå angrep og tryggingsutfordringar.
- Har kunnskap om grader av automatisering/autonomi.
- Har brei kunnskap om fordeler og ulemper med grader av automatisering og autonomi.
- Har brei kunnskap om fordeler og ulemper med grader av automatisering.
- Har kunnskap om nye trendar som big data, smart ships, block chain, o.l.
- Har kunnskap om selskap sine policy og standardar.
- Har inngåande kunnskap om leiingsoppgåver som forvaltning, kontraktar, vedlikehalds- og serviceavtalar, ISO 20 000, m.fl.
Ferdigheiter
Kandidaten:
- Kan identifisera standardsystem om bord og forstår korleis desse blir installerte.
- Kan nytta moglegheiter for hjelp og grunnleggande fjernhjelp.
- Kan leia og styra elektronisk kommunikasjon, e-post og sosiale media.
- Kan undersøka og prioritera når system ikkje verkar.
- Kan stadfesta korrekt yting etter at ei endring har vorte gjort (versjonskontroll).
- Kan demonstrera korleis malware kan infisera system, korleis dette kan oppdagast og forhindrast. Forstår og kan gjennomføra grunnleggande trusselvurderingar.
- Kan forhalda seg til og halda oppe standardar for BYOD (bring your own devices).
Generell kompetanse
Kandidaten:
- Kan diskutera risikostyring og -kontroll, og dessutan korleis integrera problemstillingar relatert til maritim IT i ISM-systemet med reiarlagsleiing, klasseselskap og styresmakter.
- Kan bidra i designprosessen og gi innspel og tilbakemelding om maritim IT knytt til oppdateringar, ettermontering av utstyr og prosjektering av nybygg.
- Kan lokalisera og forhalda seg til regelverk og standardar relevant for maritim IT og maritim IT-sikkerhet.
- Kjenner til nytenkning og innovasjonsprosessar innanfor maritim IT
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet er del av ein spesielt tilrettelagt overgangsordning frå 2-årig maritim teknisk fagskule til bachelor. Innhald og oppbygning er basert på denne føresetnaden, samt ønskemål frå representantar frå maritim industri.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingsbasert undervisning. Forelesninger, flipped classroom, praktiske øvingar og egenstudier
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein poster/presentasjon.
Vurderingsform
Semesteroppgåve.
Karakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- EVN1006 - Maritime IT-system og sikkerheit - Reduksjon: 7,5 studiepoeng