Hopp til innhald

BO6-2011 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studentane skriv bacheloroppgåva i grupper på inntil tre personar. Emneansvarleg kan innvilge dispensasjon frå dette kravet etter skriftleg søknad dersom det ligg føre særlege grunnar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten 

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, og metodar innan dei økonomisk-administrative fagområda
  • kan utøve ei kritisk forståing av kunnskap og kunnskapsutvikling innan dei økonomisk-administrative fagområda

Ferdigheiter

Studenten

  • kan greie ut ei fagleg problemstilling, 
  • kan finne, velje ut og fordjupe seg i relevant teori for ei problemstilling
  • kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på ei problemstilling
  • kan planleggje og gjennomføre innhenting av empiriske data og bearbeide desse
  • kan analysere data og diskutere funna opp mot teori
  • kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon
  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar
  • kjenner forskingsetiske problemstillingar og korleis desse skal takast omsyn til i fagleg utgreiingsarbeid. 

Generell kompetanse

Studenten 

  • har utvikla innsikt i relevante problemstillingar innan det økonomisk-administrative fagområdet
  • kan planleggje og gjennomføre faglege utgreiingsarbeid med avgrensa ressursar, 
  • kan lage ei skriftleg fagleg konsistent utgreiing innanfor det økonomisk-administrative fagområdet.  

Krav til forkunnskapar

ME6-1002 Samfunnsvitskapeleg metode og ME6-1001 Statistikk.

Berre studentar som har avlagt minst 120 studiepoeng på studiet har høve til å gjennomføre bacheloroppgåva. Emneansvarleg kan gje dispensasjon etter skriftleg søknad for andre studentar til å gjennomføre emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid. Rettleiing blir gjeve etter avtale med tildelt rettleiar, maksimum fire rettleiingstimar per gruppe. Utgangspunktet for rettleiinga skal vere skriftleg materiale frå studentane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk oppmøte og deltaking på to seminar. Studentane skal levere skriftleg arbeid til kvart seminar. Det eine skriftlege arbeidet er eit forprosjekt til bacheloroppgåva. Det andre skriftlege arbeidet er ein plakatpresentasjon av bacheloroppgåva. Både forprosjekt og plakatpresentasjon skal følgje oppgitte malar og skal ferdigstillast til gitte tidsfristar. 

Vurderingsform

Innlevering av skriftleg arbeid i gruppe på inntil tre personar. Alle studentane på gruppa får same karakter. Bokstavkarakter.

Karakteren kan påklages av gruppen som helhet eller av enkeltmedlemmer. Det er bare de gruppemedlemmene som klager som kan få endret karakter. 

Ved stryk (kontinuasjon): Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing. Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.

Forbetring av karakter: heile emnet må takast opp att med ny problemstilling.

.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel