Hopp til innhald

JU5-100 Examen facultatum (juridisk forprøve)

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Examen facultatum, juridisk forprøve, er ein introduksjon til jusstudiet. Emnet tek mellom anna føre seg grunnleggjande idear, prinsipp og verdigrunnlag som kjenneteiknar ein rettsstat, korleis retten hentar sin legitimitet frå samfunnet, kva som er eit rettssystem og korleis det er bygd opp i Noreg, innføring i juridisk metode, korleis ein løyser juridiske problemstillingar og korleis rettsutviklinga i samfunnet kan knytast til prinsipielle problemstillingar. Ein viktig del av emnet er også å få trening i å drøfte problemstillingane som emnet tek opp på ein sjølvstendig, nyansert og balansert måte skriftleg og munnleg. Emnet gjev også innføring i korleis ein søkjer juridisk kunnskap på eiga hand både elektronisk og via bibliotek.

Læringsutbytte

Studentane skal forstå tilhøvet mellom rett og samfunn på prinsipiell basis, gjere greie for korleis retten fungerer i eit samfunn, ein skal kunne gjere greie for dei sentrale institusjonane i det norske rettssystemet og gjere greie for rettsstaten sin idé, sentrale prinsipp og verdigrunnlag.

 

  • samspelet mellom juss, politikk og alminneleg samfunnsdebatt
  • kva ein rettsregel er og korleis slike reglar blir til og blir endret
  • rettsreglane sine samfunnsmessige funksjonar
  • dei sentrale institusjonane i det norske rettssystemet, medrekna samanhengar mellom nasjonal og internasjonal rett
  • krava som blir stilte til ein rettsstat
  • rettsbrukaren sine oppgåver og ansvar i rettsstaten
  • korleis retten oppnår legitimitet i samfunnet

  • forklare kva eit rettsspørsmål er og korleis juristar grip fatt i og løyser slike spørsmål
  • søkje etter relevante juridiske argument og identifisere verdimessige spenningar og konfliktar mellom desse
  • munnleg presentere kursoppgåver i grupper
  • skape og delta i munnleg diskusjon om rettsspørsmål i grupper
  • utarbeide eit sjølvstendig skriftleg kursoppgåvesvar
  • skriftleg løyse ei praktisk juridisk problemstilling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminargrupper, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og framlegging av oppgåve på seminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og på rettleiing i smågrupper inkludert å sjølv presentere emne på seminar. Innlevering av utkast til oppgåvesvar til rettleiing i smågrupper. Inntil 2 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

Fleirvalsprøve (skriftleg skuleeksamen.), 1 time. Karakter greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata, lovsamling, bokmål/nynorsk ordliste, Doms- og kjennelsessamling.

Meir om hjelpemiddel