Hopp til innhald

MGBNO402 Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Norsk 2 Språkmangfald og tekstmangfald (MGBNO402) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget. Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 2 - Historisk perspektiv (MGBNO302). 

Språkmangfald og tekstmangfald er andre del av Norsk 2 for GLU 1-7. Norsk 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget til norskundervisning på barne- og mellomsteget. 

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. 

Sentralt i Norsk 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten  

  • har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv 
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språk som barn og unge brukar
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om nabospråk og samisk
  • har utvida innsikt i korleis elevar på mellomsteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse, har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium 
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskapar om det valte FoU-fordjupingsemnet  

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa 
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
  • kan vurdere læringsressursar kritisk og rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale 
  • kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk 
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål og kan analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte 
  • kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnlege sjangrar 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile 
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati  
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane 
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2 Språkmangfald og tekstmangfald (MGBNO402) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNO201).

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Undervisning som er obligatorisk vert opplyst om ved semesterstart. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Dei obligatoriske læringsaktivitetane bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle, samt til å vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

​Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

  1. 2 oppgåver, 1 skriftleg og 1 munnleg knytt til vitskapleg tekstproduksjon. Den skriftlege oppgåva skal skrivast på den målforma studenten ikkje skriv FoU-oppgåve på.
  2. Midtvegsseminar i samband med arbeidet med FoU-oppgåva. På seminaret skal kvar student gjere greie for tema, problemstilling, materiale og metode i si oppgåve, dessutan gi kommentarar til ein annan student sitt prosjekt.
  3. Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent. 

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell skriftleg FoU-oppgåve (5000 ord +/- 10 % for individuelle oppgåver og 7000 ord +/- 10 % for paroppgåver). Oppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. Målform: Valfri. Tel 50 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Heimeeksamen (3 dagar). Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel