Hopp til innhald

OR6-2003 Human Resource Management

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emne gjev studentane innføring og innsikt i HRM (personalleiing) og omfattar planlegging, tilsetting, utvikling, omstilling og avslutting av arbeidsforhold. Emne vil nytte ein kombinasjon av teori og praksiseksempel frå arbeidslivet og skal gje øving i å nytte teori, metodar og verktøy på praktiske problemstillingar. Emne gjev innføring i korleis organisasjonar kan nyttiggjere seg dei tilsette sine evne, eigenskapar og ferdigheiter og utvikling av desse gjennom læring, kompetanseutvikling, motivasjon og gode arbeidsforhold. Emne gjev grunnleggande kunnskapar om HRM-funksjonen sitt ansvar, roller og oppgåve i styring og leiing av organisasjonar og tek føre seg forholdet mellom HR-avdelinga sitt  ansvars- og arbeidsområde og linjeleiar sitt operative og strategiske personalansvar.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • ha kunnskap om problemstillingar og verktøy knytt til planlegging, tilsetting, utvikling og avvikling av menneskeleg ressursar i organisasjonen
  • kjenne til utviklingstrekka innan personalleiing og HRM
  • kunne gjere greie for ulike aktivitetar og verkemiddel for utvikling av menneskelege ressursar
  • kunne gjere greie for ulike perspektiv på strategisk HRM
  • forstå arbeidslivet sine spelereglar, HMS og norsk arbeidslivsorganisering
  • forstå kva utfordringar internasjonalisering og digitalisering medfører for HRM-funksjonen.
  • kjenne til sentrale lover og regelverk for planlegging og gjennomføring av HMS og arbeidsmiljøtiltak.

 

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kunne planlegge og gjennomføre HRM-funksjonar som rekruttering, opplæring og utvikling, omorganisering og avvikling.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • kunne reflektere over HRM-relaterte spørsmål i arbeids- og samfunnsliv
  • ha naudsynt forståing for menneskelege kapital og kva den betyr for verdiskapinga i moderne verksemder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA112 Organisasjon og ledelse (eller tilsvarande innføringsemne i organisasjon og leiing).

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og casestudiar i grupper. Det blir gjesteførelesingar og presentasjonar frå arbeidslivet på nokre sentrale tema som grunnlag for å nytte pensum og teori på praktiske problemstillingar innanfor HRM.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit skriftleg arbeidskrav som skal gjerast i gruppe på 3 - 4 studentar. Faglærar kan gje dispensasjon til studentar som ønskjer å gjennomføre arbeidskravet åleine. Arbeidskravet må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR6-2002 - Personalleiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-212 - Personalleiing - Reduksjon: 4,5 studiepoeng
  • ØAA114 - Human Resource Management - Reduksjon: 7,5 studiepoeng