BØA204 Investering og finansiering
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Formålet med emnet er å gi studentane innsikt i problemstillingar og metodar knytt til bedriftas investerings- og finansieringsavgjerder. Kurset beskriv korleis relevante kontantstraumar til investeringsprosjekt og lån blir sett opp og blir verdsett på ein konsistent måte. Analyse av prosjektuvisse og risiko er eit sentralt tema. Kurset skal òg utvikla evnene til studentane i bruk av rekneark med fokus på økonomiske modellar og analysar.
Innhald
• budsjettering av beslutningsrelevante kontantstraumar
• diskontering og renterekning
• lønnsemdskalkylar av investeringsprosjekt
• skatt og prisstigning innverknaden sin på kontantstraum og avkastingskrav
• kostnadskalkylar av finansieringsalternativ: finansieringskjelder, lånekostnad og låneformer
• handtering av prosjektuvisse
• risikovurdering, porteføljeteori, kapitalverdimodellen
• strukturering av økonomiske modellar i rekneark
• økonomiske analysar ved bruk av Excel
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten
• forstå sentrale omgrep knytt til investerings- og finansieringsavgjerder
• forstå grunnlaget for tidsverdien av pengar
• forstå grunnlaget for å vurdera risiko i investeringsprosjekt og porteføljar
• ha ei overordna forståing av verdien av fleksibilitet i investeringsprosjekt
Ferdigheter
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten kunna:
• budsjettera relevant kontantstraum til investerings- og finansieringsprosjekt
• gjennomføra lønnsemdskalkylar basert på netto noverdi under omsyn til inflasjon, gjeldsfinansiering og risiko med tilhøyrande avkastingskrav
• berekna internrente
• nytta ulike metodar for å kalkulera lønnsemd til investeringsprosjekt og økonomisk levetid til driftsmiddel
• berekna effektiv rente av lån og setja pris på obligasjonar
• analysera prosjektrisiko og porteføljerisiko
• skaffa risikojusterte avkastingskrav for å estimera alternativkostnaden til kapital
• nytte kapitalverdimodellen til å berekna risikopremie og risikojustert avkastingskrav (kapitalkostnad)
• analysera risikoen i investeringsprosjekt når totalrisikoen er relevant
• strukturera økonomiske modellar i Excel rekneark og bruka Excel til økonomiske analysar og rapportering
Generell kompetanse
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten
• kunne reflektera kritisk over sentrale problemstillingar og føresetnader knytt til investerings- og finansieringsprosjekt
• forstå innverknaden av investeringar og låneopptak
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA111 Matematikk for økonomar, BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap, BØA114 Digitalisering for økonomar, BØA115 Statistikk for økonomar
Undervisnings- og læringsformer
Forelesninger og sjølvstendig arbeid med øvingsoppgåver, inklusive bruk av Excel rekneark på PC.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 innleveringsoppgåver må vera godkjent før eksamen kan avleggast.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Eksamen kan bli halde på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Formelsamling vedlagt eksamensoppgåvene.
Alle kalkulatormodellar er tillatne, med følgjande unntak:
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunna behandla symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnettet
- kalkulatoren må ikkje laga støy