Hopp til innhald

FRIB203 Friluftsliv vår – kultur og samfunn 

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Sentralt for emnet er friluftslivet si historie, naturfilosofi med berekraftig utvikling og forvaltning av natur og friluftslivsinteresser. Studenten skal lære om friluftslivet si historie og korleis det har utvikla seg som kulturelt fenomen fram til i dag. Friluftslivet sitt mangfald, moglegheiter og betyding i dagens samfunn vil vere sentrale. Vidare vil naturfilosofiske perspektiv på menneske og natur utfordre studentane til kritisk tenking. Forvalting av norsk natur og friluftsliv vil vere viktig når studentane skal forholda seg til naturområder, moglegheiter, plikter og eventuelle forvaltningsmessige utfordringar. I emne ligg også klatrekurset Fra inne til ute etter mal frå Norges Klatreforbund (NKF). 

Ekskursjonar: 

  • Dagsekskursjon saman med forvaltingsorgan knytt til berekraftig friluftsliv og forvalting av natur 
  • Klatrekurs: Fra inne til ute (NKF), to dagar 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar  

Studenten

  • har inngåande kunnskap om friluftslivets historie og framvekst 
  • har inngåande kunnskap om friluftslivet som kulturelt fenomen 
  • har kunnskap om friluftsloven, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv  
  • har kjennskap til ulike forvaltningsorgan knytt til friluftsliv og korleis desse har tyding for berekraftig utvikling  

 

Ferdigheitar  

Studenten

  • kan redegjøre for korleis friluftslivet si historie, filosofi og forvaltning kan ivareta eit berekraftig samfunn  
  • kan reflektere over utvikling av friluftslivet si rolle i samfunnet  
  • kan drøfte filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske, natur og friluftsliv  
  • kan drøfte ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder 
  • kan sportsklatre trygt ute etter sportsklatre metodesett til NKF  

 

Generell kompetanse  

Studenten

  • har evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta  
  • kjenner til filosofiske perspektiv knytt natur og friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NKF brattkort klatring.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering) 

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om friluftsliv lovverket og forvalting av natur i Norge, samt evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta.    

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen samansett av tre tekstar. Kvar tekst tel 1/3  av karakteren. Alle tekstane må vere greidd.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.  

Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer alle dei tre tekstane. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel