Hopp til innhald

MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei andre 15 sp. av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. 

Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten 

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk 
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet 
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg 
  • har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium 
  • har kunnskap om gjeldande læreplan, læringsressursar, nasjonale prøver og kartleggingsprøver for trinn 5-7 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid 
  • kan gjere greie for fagdidaktiske val som fremjar dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet 
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa, blant anna for elevar med lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • kan lese, tolke og analysere ulike tekstar for barn og bruke kunnskap om dette i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium 
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere munnleg aktivitet i klasserommet 
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar 
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar 
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse. 
  • kan lese tekstar på nabospråka svensk og dansk 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer 
  • er merksam på mangfaldet i elevgruppa og kan tilpasse undervisinga og gjere greie for fagdidaktiske val 
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. 

Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. I desse må studentane syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane skal handle om den andre lese-og skriveopplæringa, og eitt skal vere knytt til forskingsmetode, primært tekstanalyse. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Oppgåvetekst og formelle krav til dei einskilde læringsaktivitetane vert delt ut ved oppstart av semesteret.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Målform: Nynorsk. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Utvekslingsstudentar kan bruke svensk eller dansk.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend ordbok eller ordliste.

Meir om hjelpemiddel