Hopp til innhald

BØA111 Matematikk for økonomar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi det nødvendige matematikk-grunnlaget for dei andre emna i studiet og knyte matematikk-kunnskapane til problemstillingar innan samfunns- og bedriftsøkonomi. Emnet bør derfor kome i 1. semester. Det er eit sentralt mål for emnet å utvikle studentanes evne til logisk og analytisk tenking. Dette skal gi grunnlag for å forstå matematisk modellering i økonomiske samanhengar og for å kunne arbeide med problemorienterte oppgåver. Emnet skal gi inngåande kunnskapar og ferdigheiter knytt til dei angjevne tema. Emnet er basert på gode forkunnskapar i matematikk frå VGS (det anbefales S1+S2 eller tilsvarande) og målet er å gi eit betydeleg løft i forhold til dette grunnlaget.

Innhald

  • Grunnleggande algebra, inkludert løysing av ulikskapar, likningar og system av likningar.
  • Analyse av éin-variabel funksjonar som polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar, logaritmiske funksjonar og kombinasjonar av desse. Denne analysen skal omfatte: nullpunkt, asymptotar, grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon, ekstremverdiproblem og elastisitet.
  • Analyse av ulike funksjonstyper av fleire variablar, inkludert Cobb-Douglas-funksjonar og funksjonar med eksponensial- og logaritmeelement. Denne analysen omfattar det å finne og klassifisere stasjonære punkt, å finne maksimum og minimum under sidevilkår, inkludert bruk av Lagranges metode.
  • Analyse av aritmetiske og geometriske rekker, konvergens og sum av geometriske rekker.
  • Analyse og utrekningar innan finansmatematikk, inkludert annuitetar, nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi.
  • Innføring i grunnleggande integralrekning, både bestemt og ubestemt integral, for dei einvariabel funksjonstypane som inngår i kurset.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • studenten har kunnskap om grunnleggande matematiske omgrep
  • studenten har kunnskap om drøfting av funksjonår, både funksjonar av éin og to variablar
  • studenten har kunnskap om matematisk modellering innan økonomiske samanhengar
  • studenten har kunnskap om bruk av renterekning og rekker til berekningar knytt til annuitetar
  • studenten kjenner til integralrekning
  • studenten har kunnskap om system av lineære likningar

Ferdigheiter:

  • studenten beherskar grunnleggande algebra
  • studenten kan analysere ulike typar matematiske funksjonar, både funksjoner av éin og to variablar
  • studenten kan nytte matematikk og matematiske modellar i drøfting av økonomiske problemstillingar
  • studenten kan nytte renterekning og rekkjer til å berekne annuitetar og løyse problem innan finansmatematikk knytt til nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi
  • studenten kan nytte grunnleggande integralrekning
  • studenten kan løyse ulikskapar, likningar og system av lineære likningar

Generell kompetanse:

  • studenten kan bruke kunnskapen i matematikk som grunnlag for utrekningar innan økonomifaget og i andre emne i studiet
  • studenten forstår dei matematiske utrekningane som vert brukt i emne der det inngår berekningar av ulike slag

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet krev gode forkunnskapar i matematikk. Emnet byggjer på kunnskapar tilsvarande S1+S2 frå videregåande skule eller tilsvarande. Studenter med dårlegare forkunnskapar må berekne betydeleg ekstra arbeidsinnsats.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar og arbeidskrav (obligatoriske innleveringar).

Obligatorisk læringsaktivitet

4 obligatoriske innleveringar som må være godkjende før eksamen kan avleggast. Innleveringar kan verte gjennomført på digitalt system.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Eksamen kan verte avholdt på digitalt eksamenssystem. Tid og stad for eksamen vert opplyst på Studentweb. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Formelsamling vedlagd eksamensoppgåvene.

Enkel kalkulator av type:

- Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)

- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView

- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS

Meir om hjelpemiddel