Hopp til innhald

MGBKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 1-7 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.

Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal studenten kunne tilpasse undervisninga ut frå ei vid forståing, kjenneteikna av eit mangfaldig og inkluderande fellesskap. Undervisninga i emnet skal også bidra med ei innføring i arbeid med å kunne vurdera elevane si læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal binges ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringes tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av elevens vekst og utvikling
  • har kunnskap om arbeid med en inkluderande undervisningspraksis
  • har kunnskap om vurdering for- og av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om kva som fremjar bevegelsesglede hos elevar på steg 1-7
  • har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for læringsarbeid som inkluderer og anerkjenner mangfald som ein ressurs
  • kan gjennomføra skapande og utforskande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
  • kan gjennomføra skapande og utforskande undervising på ulike arena og i nærmiljøet, der bevegelseserfaring, mestring og refleksjon står sentralt.
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, undervisning og læringsfremjande tilbakemeldingar.
  • kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving ut frå ei vid forståing av tilpassa opplæring
  • kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske økter, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på turar/ekskursjonar.
  • Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
  • Profesjonsfaglig digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.

Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Del 1: Oppgåve i form av ein akademisk tekst (omfang: 1500 ord +/-10%). Tel 50 % av endeleg karakter.

Del 2: Oppgåve i form av film og refleksjonsnotat (omfang: 1500 ord +/-10%. Filmen leggjast som vedlegg til teksten). Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delar må væra bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 - Akademisk tekst: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Del 2 - Film og refleksjonsnotat: Alle hjelpemiddel tillatt.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 15 studiepoeng