Hopp til innhald

NAB3037 Tankoperasjonar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Dette emnet adresserer ei rekke grunnleggande og meir avanserte konsept, relevant for å jobba ombord i olje- og kjemikalietankskip.

Emnet dekker reglane i STCW 78 med tillegg, tabell A-V/1-1-1, A-V/1-1-2, A-V/1-1-3, og kvalifiserar til søknad om lågaste og høgste tankermannsertifikat olje og kjemikalie.

NAB3037 er eit valemne, og eit emne som skal gå studieåret 2023/2024. For seinare år kan valemnetilbodet endre seg, og det er ikkje gitt at dette valemnet vil bli gitt då.

Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.

Sikre operasjonar

  • Relevant regelverk
  • Korleis unngå farar
  • Generell HMS (Helse, Miljø, Sikkerhet)
  • Kriser og naudssituasjonar
  • Fysiske eigenskapar ved olje og kjemikalier
  • Sikker Jobb Analyse relatert til sikre operasjonar
  • Sikkerhetssystem relatert til sikre operasjonar
  • Operasjonelt utstyr

Miljø og forureining

  • MARPOL og relevant regelverk
  • Førebygging av ulukker
  • Førebygging av forureining
  • Sikker Jobb Analysar
  • Sikkerheitssystem
  • Ballast Water Treatment (Handsaming av ballastvatn)
  • VOC (Volatile Organic Compound)
  • Utstyr

Operasjonar

  • Grunnleggande prinsipp for tankoperasjonar
  • Avanserte prinsipp for tankoperasjonar
  • Rapportering av hendingar
  • COW (Crude Oil Washing - Råoljevasking)
  • Tankreingjering
  • Gasfriing
  • Særskilte operasjoner

Tryggleik

  • Teoriundervising, brann i væsker; Olje / Kjemikalier
  • Brannførebyggande; Olje / Kjemikalier
  • Brannbekjemping olje
  • Brannbekjemping kjemikalier
  • Diverse utstyr for brannbekjemping; Olje / Kjemikalie
  • Evakuering frå lukka rom
  • Diverse utstyr for evakuering frå lukka rom
  • Teoriundervising medisinsk førstehjelp; Olje / Kjemikalier
  • Medisinsk behandling olje
  • Medisinsk behandling kjemikalier
  • Medisinsk behandling brannskader
  • Førstehjelp i lukka rom
  • Tryggleik i lukka rom
  • Gassmålingsutstyr - Bruk og vedlikehald
  • Gassmålingar
  • Arbeid i lukka rom
  • Tryggleiks- og evakueringsutsyr til lukka rom

Læringsutbytte

- Kunnskap

Studenten:

  • Har brei kunnskap om tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Har brei kunnskap om reglar og forskrifter på olje- og kjemikalietankskip
  • Kan sjå moderne tankoperasjonar i historisk samanheng
  • Har kunnskap om forsking og utvikling på området

- Ferdigheter

Studenten:

  • Kan nytte teori og opparbeidd kunnskap i praktiske tankoperasjonar
  • Kan vurdere og iverksetje førebyggande tiltak mot forureining
  • Forstår bruk av HMS-system relatert til tankoperasjonar
  • Kan føre olje- og lastedagbøker
  • Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av oljelast
  • Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av kjemikalielast

- Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan utføre sikre og miljøvennlege operasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Har innsikt i akademiske og profesjonelle etiske problemstillingar relatert til tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
  • Kan diskutere teoriar, problem og problemløysing relatert til tankoperasjonar med fagfolk og andre
  • Er kjent med og oppdatert på forsking og utvikling relatert til olje- og kjemikalietankskip

Krav til forkunnskapar

NAB1022 Kjemi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

NAB2011 Varme- og strøymingslære

NAB2028 Lasteteknikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, Casestudier, praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk oppmøte (maks 4 timar fråvær).

Vurderingsform

  • Skuleeksamen, skriftleg eksamen, individuell 4 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F
  • Heimeeksamen, gruppeoppgåve, 72 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Skriftleg skuleeksamen - godkjent kalkulator: Casio fx-991EX
  • Heimeeksamen - alle hjelpemiddel tillatne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB3016 - Tankoperasjonar - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB3011 - Tankoperasjoner - Reduksjon: 5 studiepoeng