Hopp til innhald

GE406 Geologi grunnkurs

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i sentrale geologiske prosessar og omgrep som trengs for å forstå jordas oppbygning og utvikling gjennom geologisk tid. Emnet gir også en innføring i geologien si rolle i det moderne samfunnet. Gjennom det geologiske kretslaup skildrar emnet samanhengen mellom ytre (klima, forvitring, erosjon, transport, avsetning) og indre (platetektonikk, fjellbygning, deformasjon, jordskjelv, metamorfose og magmatisme) prosessar som går føre seg på jorda, og som ligg til grunn for all menneskeleg aktivitet. Emnet gir ei innføring i klassifisering av mineral, lausmasser og bergartar (sedimentære, magmatiske og metamorfe), samt kunnskap om topografiske og geologiske kart. Gjennom feltekskursjonar og øvingar frå Noreg og nærområdet, studerast bergartar og landformer frå Noreg si geologiske historie.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal kjenna til:

  • bergartssyklusen og drivkreftene bak. Studentane skal kunne plassere ulike bergartar i syklusen og skal kunne forklare kva for prosessar som verkar i dei ulike miljø der bergartane blir danna.  
  • geologien si rolle i samfunnet. Studentane skal ha ei forståing for korleis geologi påverkar viktige samfunnsområde slik som til dømes infrastruktur, jordsmonn og ressursar.    
  • kva mineral består av og korleis grunnstoff er knytt saman til mineral med ulike eigenskapar.  
  • Jordas utvikling gjennom geologisk tid. Studentane skal kjenna til dei viktigaste hendingane i jordas utvikling frå danninga av planeten til menneskets tidsalder og skal kunne forklare korleis den geologiske tidsskalaen er bygd opp.    
  • dei viktigaste hendingane i Noreg si geologiske historie, frå danninga av berggrunnen til avsetning av lausmasser og erosjon av landskapet gjennom istidene.

Studentane skal kjenna til dei viktigaste geologiske prosessane som har innverknad på jordoverflata:

  • korleis brear og kryosfæriske prosessar utviklar det storskala landskapet vårt. Studentane skal kunne skildre og identifisere småskala erosjon- og avsetningsformer, samt forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar.  
  • korleis hav- og atmosfæriske sirkulasjon påverkar klimaet vårt, og gjere greie for dei viktigaste klimahendelser gjennom jorda si historie.  
  • forklare korleis sedimentære bergartar blir til og deira opphav, og forstå danninga av ulike sedimentære strukturar.  
  • korleis ytre krefter bryter og tærer ned jordoverflata gjennom erosjon og massetransport (skred).  
  • korleis mekanisk og kjemisk forvitring verkar på bergartar og mineral, samt å sjå samanhengen mellom forvitring og utvikling av jordsmonn.  
  • forklare vatnet sitt kretslaup. Korleis vatn erodera, transporterar og avsett materiale frå elvar og grunnvatn.

Studentane skal kjenna til jorda si oppbygning og dei viktigaste prosessane som skjer i jordas indre:

  • korleis teorien om platetektonikk blei utvikla, kva slags mekanismar som står bak denne teorien, kva slags type plategrensar som finst og kva slags prosessar som går føre seg ved desse grensene.  
  • korleis oppsmelting og størkning av bergartar (magmatiske prosessar) går føre seg i jordas indre og på overflata, og korleis dette fører til danning av magmatiske djup- og dagbergartar.  
  • korleis omdanning av bergartar går føre seg ved endringar i trykk og/eller temperatur og korleis dette fører til danning av metamorfe bergartar.  
  • korleis deformasjon av bergartar på grunn av platerørsler går føre seg nær overflata (sprø deformasjon) og i djupet (duktil deformasjon), og korleis dette fører til ulike permanente strukturar slik som foldar og forkastingar, og plutselege hendingar slik som jordskjelv (frigjering av elastisk deformasjon) og tsunamiar.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • identifisere om lag 25 ulike mineral og om lag 30 ulike bergartar
  • skildre og identifisere ulike landskapsformer og forklare sannsynleg danningsprosessar
  • skildre lausmasseprøvar og identifisere sannsynleg avsetjingsprosess
  • tolke topografiske og geologiske kart, og finne fram i digitale kartdatabaser

Generell kompetanse

Studentane kan:

  • forstå, diskutere og formidle sentrale geologiske omgrep og prosessar som verkar i jordas indre og som fører til danninga av ulike landformer på jordoverflata
  • forstå geologien si rolle i samfunnet angåande infrastruktur, danning av jordsmonn og ressursbruk
  • gjere eigne geologiske observasjonar og skildre enkle geologiske forhold med eigne ord
  • være kritisk til kjelder med geologisk informasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen  

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og obligatorisk feltpraksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske arbeidskrav i form av:

- deltaking på 5 dagar med feltpraksis (med to overnattingar)

- godkjend ferdigheitstest i identifisering av mineral, bergart og sedimentprøvar.

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen (4 timar, digital)

Bokstavkarakter: A - F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel