NAB3037 Tankoperasjonar
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Dette emnet adresserer ei rekke grunnleggande og meir avanserte konsept, relevant for å jobba ombord i olje- og kjemikalietankskip.
Emnet dekker reglane i STCW 78 med tillegg, tabell A-V/1-1-1, A-V/1-1-2, A-V/1-1-3, og kvalifiserar til søknad om lågaste og høgste tankermannsertifikat olje og kjemikalie.
NAB3037 er eit valemne, og eit emne som skal gå studieåret 2024/2025. For seinare år kan valemnetilbodet endre seg, og det er ikkje gitt at dette valemnet vil bli gitt då. Emnet er og avhengig av nok oppmeldte for at det skal bli gitt.
Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.
Innhald
Sikre operasjonar
- Relevant regelverk
- Korleis unngå farar
- Generell HMS (Helse, Miljø, Sikkerhet)
- Kriser og naudssituasjonar
- Fysiske eigenskapar ved olje og kjemikalier
- Sikker Jobb Analyse relatert til sikre operasjonar
- Sikkerhetssystem relatert til sikre operasjonar
- Operasjonelt utstyr
Miljø og forureining
- MARPOL og relevant regelverk
- Førebygging av ulukker
- Førebygging av forureining
- Sikker Jobb Analysar
- Sikkerheitssystem
- Ballast Water Treatment (Handsaming av ballastvatn)
- VOC (Volatile Organic Compound)
- Utstyr
Operasjonar
- Grunnleggande prinsipp for tankoperasjonar
- Avanserte prinsipp for tankoperasjonar
- Rapportering av hendingar
- COW (Crude Oil Washing - Råoljevasking)
- Tankreingjering
- Gasfriing
- Særskilte operasjoner
Tryggleik
- Teoriundervising, brann i væsker; Olje / Kjemikalier
- Brannførebyggande; Olje / Kjemikalier
- Brannbekjemping olje
- Brannbekjemping kjemikalier
- Diverse utstyr for brannbekjemping; Olje / Kjemikalie
- Evakuering frå lukka rom
- Diverse utstyr for evakuering frå lukka rom
- Teoriundervising medisinsk førstehjelp; Olje / Kjemikalier
- Medisinsk behandling olje
- Medisinsk behandling kjemikalier
- Medisinsk behandling brannskader
- Førstehjelp i lukka rom
- Tryggleik i lukka rom
- Gassmålingsutstyr - Bruk og vedlikehald
- Gassmålingar
- Arbeid i lukka rom
- Tryggleiks- og evakueringsutsyr til lukka rom
Læringsutbytte
- Kunnskap
Studenten:
- Har brei kunnskap om tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Har brei kunnskap om reglar og forskrifter på olje- og kjemikalietankskip
- Kan sjå moderne tankoperasjonar i historisk samanheng
- Har kunnskap om forsking og utvikling på området
- Ferdigheter
Studenten:
- Kan nytte teori og opparbeidd kunnskap i praktiske tankoperasjonar
- Kan vurdere og iverksetje førebyggande tiltak mot forureining
- Forstår bruk av HMS-system relatert til tankoperasjonar
- Kan føre olje- og lastedagbøker
- Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av oljelast
- Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av kjemikalielast
- Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utføre sikre og miljøvennlege operasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Har innsikt i akademiske og profesjonelle etiske problemstillingar relatert til tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Kan diskutere teoriar, problem og problemløysing relatert til tankoperasjonar med fagfolk og andre
- Er kjent med og oppdatert på forsking og utvikling relatert til olje- og kjemikalietankskip
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, casestudier, praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte (maks 4 timar fråvær).
- Obligatorisk oppmøte på gasskontrolør kurset
- Obligatorisk oppmøte på praktisk trening ved Maersk Training
- Innlevering i gruppe
Vurderingsform
- Skuleeksamen, digital skriftleg eksamen, 4 timar, gradert A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg skuleeksamen - Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX og Casio fx-991CW. "Enkel kalkulator" er også tillatt (sjå: Hjelpemiddel ved eksamen).
Heimeeksamen - alle hjelpemiddel tillatne
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB3016 - Tankoperasjonar - Reduksjon: 5 studiepoeng
- NAB3011 - Tankoperasjoner - Reduksjon: 5 studiepoeng