MOØ300 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I det siste semesteret av masterprogrammet i Innovasjon og leiing skal studentane skrive ei masteroppgåve. Masteroppgåva skal skrivast i grupper på to studentar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, der studentane viser evne til kritisk tenking, kjennskap til kontekst, kunnskap om litteratur, forskingsdesign og analytiske ferdigheiter. Desse ferdigheitene må nyttast innanfor fagområda til studieprogrammet. Sentrale teoriområde i masteroppgåva må vere knytt til sentrale teoriområde i studieprogrammet. Masteroppgåva skal ha ein teoretisk del, ei metodisk utgreiing, ein del for empirisk analyse og funn, og ein del som diskuterer funn mot tidlegare forsking. Oppgåva kan òg løysast som ei litteraturgjennomgang.
Læringsutbytte
Målet med kurset er å gjere studentane i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane opparbeider seg djupnekunnskap om den spesifikke problemstillinga som er vald for masteroppgåva og utviklar metodiske ferdigheiter som støttar arbeidet deira.
Kunnskap
Studenten:
- har avansert kunnskap i å utvikle og analysere forskningsspørsmål knytte til innovasjon og leiing
- har særleg innsikt i eit spesifikt problem/teoriområde som er vald som tema for oppgåva
- har avansert metodisk kunnskap relevant for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- har avansert kunnskap til å kritisk vurdere ulike datakjelder, teoriar og informasjon
Ferdigheiter
Studenten:
- kan formulere og analysere akademiske problemstillingar, ta val om forskningstema, teoretisk og metodisk tilnærming, samt formulere og utvikle hypotesar og utføre analysar av data
- kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder for å kunne gjere sjølvstendige vurderingar og bruke relevante datakjelder, teoriar og litteratur
- kan analysere, planleggje og gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i samarbeid med andre
- kan bruke ulike kjelder og referansar i samsvar med etablerte standardar for forskingsetikk
- kan organisere, oppsummere og analysere datakjelder og bruke nødvendige metodar
- har avanserte ferdigheiter i sjølvstendig og kritisk analyse og tolking
- har avanserte ferdigheiter i å skrive akademisk tekst, utvikle relevant og logisk argumentasjon
- kan bidra til forsking innanfor feltet innovasjon og leiing
Generell kompetanse
Studenten:
- kan analysere og forstå vitskaplege forskingsrapportar og artiklar
- kan nytte kunnskapen og ferdigheitene sine på nye område
- kan kommunisere arbeidet sitt ved hjelp av fagspråk og terminologi frå det akademiske feltet
- kan kommunisere forskingsresultat til både spesialistar og til befolkninga elles
- kan analysere og forstå styrkar og svakheiter ved forskingsarbeid
- er ansvarleg for eiga akademisk utvikling og spesialisering, og kvalifiserer for opptak i PhD-programmet ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG)
Krav til forkunnskapar
Studentane må vere tekne opp på masterprogrammet. Dei må ha fullført 60 studiepoeng av kursdelen av masterprogrammet for å få rettleiing og ha moglegheit til å levere oppgåva.
Undervisnings- og læringsformer
Rettleiar gir tilbakemeldingar til studentgruppa i rettleiingsmøter. Kvar studentgruppe har rett til maksimalt 10 timar rettleiingsmøter.
Både rettleiar(ar) og alle medlemmane i studentgruppa skal fylle ut og skrive under på ei rettleiingskontrakt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre arbeidskrav må bli godkjente for å få levere masteroppgåva. Ein leverer arbeidskrav 1 i semesteret før undervisningssemesteret.
- Fylle ut kort prosjektbeskriving (eigen mal)
- Delta og presentere på midtvegsseminaret
- Lage plakat etter mal
Vurderingsform
Skriftleg masteroppgåve og justerande munnleg.
To studentar skal skrive ei felles masteroppgåve med likeverdige bidrag.
Karakteren på den skriftlege masteroppgåva er felles for studentgruppa. Karakteren blir kunngjort minst 24 timar før den justerande munnlege eksamenen begynner. Karakteren etter justerande munnleg er felles for studentgruppa. Karakteren kan bli justert opp eller ned med maksimum éin karakter basert på justerande munnleg.
Sensorgruppa består av to medlemmar, der eitt er eksternt. Sensorgruppa set felles karakter.
Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg masteroppgåve: Alle (sjå Hjelpemiddel ved eksamen, Skrive og refere og Retningslinjer om fusk).
Munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel