Hopp til innhald

RE6-2008 Digital markedskommunikasjon og distribusjon

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjev innsikt i prinsipp og praksis i samband med digital markedskommunikasjon og distribusjon.

Emnet skal gje innsikt i prinsipp og praksis i forbindelse med markedskommunikasjon og distribusjon via digital teknologi. Vidare skal emnet gje forståing og verktøy for å arbeide i den stadig meir komplekse arenaen som digital markedsføring og markedskommuniksjon er. Digital markedskommunikasjon gjev enorme moglegheiter men inneheld og utfordringar og fallgruver som vil bli belyst. Emnet er uforma på ein slik måte at studentane får praktisk innsikt i korleis handtere og utvikle strategiar for å nå fram til forbrukar og kundar og kva verktøy som høver i kvart tilfelle.

Emnet tek føre seg

  • Grunnleggande digital marknadsføring
  • Digitale markedsverktøy som e-post, affiliate markedsføring og online partnerskap, viralt, online annonsering, sosiale media, online PR, SEM (søkemotormarkedsføring) , SEO (søkemotoroptimalisering), mobile og trådlause einingar.
  • Nettstader og domene
  • Sosiale media og viral marknadsføring
  • Mobile teknologiar
  • E-postmarknadsføring
  • E- handel
  • Distribusjon av reiselivsprodukt (pakketering) og derunder utarbeide ulike kalkyler
  • Utvikle strategi for digital markedskommunikasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

  • Ha kunnskap til grunnleggande digital markedskommunikasjon og distribusjon
  • Ha kunnskap om forretningsbilde og brukarar i sosiale media
  • Ha kunnskap og oversikt av bruken av digitale kommunikasjonskanalar
  • Ha oversikt om ulike bookingsystem og generelle kjenneteikn ved dei
  • Ha kunnskap om potensielle moglegheiter og trugslar knytt til bruken av digitale kommunikasjonskanalar
  • Ha kunnskap om dei ulike fasane og rollane i distribusjonssystemet av reiselivsprodukt
  • Sjå relasjon til merkevarebygging
  • Ha kunnskap om metodar knytt til å måle og evaluere digitale markedskanalar

Ferdigheiter

  • Utvikle ei pakke og vite korleis marknadsføre og distribuere den
  • Utvikle kalkyler til ulike pakker
  • Bruke viral markedsføring og sosiale media i praksis
  • Utvikle ein plan for bruk av viral markedsføring og sosiale media

Generell kompetanse

Studentane skal

  • Utvikle ulike sosiale medieplattformer til strategi i bedriften/organisasjonen
  • Kunne analysere kontekst og planlegge og utvikle markedsstrategier for viral markedsføring og sosiale media
  • Skal kunne nytte digital markedskommunikasjon og distribusjon i praksis som t.d. i situasjoner relatert til media og PR, merkevarebygging, e-handel
  • Kunne identifisere etiske problemstillingar og sjå potensielle fallgruver i viral markedsføring og sosiale media

Krav til forkunnskapar

BØA116 Marknadsføring

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, individuelt arbeid, gruppearbeid, digitale kanaler, bedriftsbesøk mm.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen , 1 veke (7 dagar)

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel